Lokal | 09. jan. 2016

Korleis var vasskvaliteten?

I neste veke er Svegatjørn ferdig tømt. – Vi har berre hatt eitt stopp, fortel Kari Bremnes frå Statens vegvesen.

Korleis var vasskvaliteten?
I Ulvenvatnet er det lagt ut silt-gardin rund utløypet frå Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 09. jan. 2016 08:31

Bildeserie:

To slike pumper har gått i ein månad. Neste veke er vatnet tømt. (Foto: KVB)
To slike pumper har gått i ein månad. Neste veke er vatnet tømt. (Foto: KVB)
Delar av massane som låg under vatn er forureina. (Foto: KVB)
Delar av massane som låg under vatn er forureina. (Foto: KVB)
1 av 2
To slike pumper har gått i ein månad. Neste veke er vatnet tømt. (Foto: KVB)
Delar av massane som låg under vatn er forureina. (Foto: KVB)

Sidan starten av desember, også gjennom jula, har to pumper sørgja for å seinka Svegatjørn med nesten 7 meter.

Sjå webkamera frå Svegatjørn

Vatnet har blitt pumpa i bekken langs E39, som renn vidare til Ulvenvatnet.

– Prosessen har gått veldig bra, seier byggeleiar frå Statens vegvesen, Kari Bremnes.

Les òg: Siste slurk av Svegatjørn (med bildeserie)

Dette har blitt målt

Entreprenøren har hatt silt-gardin både rundt inntaka på pumpene og rundt utlaupet i Ulvenvatnet.

Det har kontinuerleg blitt målt suspendert stoff og ph-verdi, i tillegg er det manuelt tatt vassprøvar for å sjå etter spor av olje, nitrogen, tungmetall og arsen i vatnet frå Svegatjørn.

– Alle prøvane har vore innafor.

– Vi har hatt varsel på suspendert stoff og PH i stormen 30. desember, men då vi stoppa pumpene og sjekka viste det seg å vera greie verdiar. Den sterke vinden kan ha ført til omrøringer i Ulvenvatnet. Vi var ute og sjekka og det vart ikkje observert noko synleg forureining frå Svegatjørn. Siltgardin vart òg inspisert og pumpinga vart starta igjen.

Skal køyra vekk massar

I neste veke skal Svegatjørn vera ferdig tømt.

– Før vi fyller på steinmasse skal slammet i botnen av Svegatjørn gravast til side. Desse massane er forureina og må handterast på plassen.

– Men massane blir fjerna gradvis, etterkvart som vi skal fylla stein, så noko av søppelet blir nok liggande ei stund til vi har kome oss bort til dei ulike områdene.

Det blir ikkje tilkøyring av steinmassar, steinen skal koma frå tunnelldrivinga som startar i månadsskiftet.

Sjå Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.