Politi | 05. nov. 2021

Kort leiteaksjon etter ung gut

Funnen i god behald.

Kort leiteaksjon etter ung gut
(Ill. foto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. nov. 2021 16:48

Fredag i 16.40-tida fekk Midtsiden tips om utrykking med 4-5 patruljar til eit nabolag på Røykenes.

Etter ei stund fekk vi kontakt med operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Vi hadde ein leiteaksjon etter at ein gut i barneskulealder. Han blei meldt sakna frå eit nabolag lengre sør på Søfteland, fortel Svein Rune Halleraker.

Guten hadde vore vekke frå heimen sidan 09.30 fredag. Han blei meldt sakna klokka 16. Skulane hadde som kjent planleggingsdag.

Gan blei funnen saman med ein kamerat kort tid etter at politiet starta aksjonen.

– Vi sette inn ganske store ressursar, men det viste seg heldigvis at det heile var ei misforståing, og ikkje noko dramatisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.