Debatt | 08. juli 2025

Kortare ventetid på høyreapparat

DEBATT: Arbeidarpartiet lanserer no ein høyreapparatgaranti.

Kortare ventetid på høyreapparat
Benjamin Jakobsen og Anita Merkesdal. Foto: pressebilde / Ap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. juli 2025 16:06

Å høyre handlar om meir enn å fange opp lyd. Det handlar om å kunne delta i samtalar med familien, vere med på møte i pensjonistlaget, eller høyre latteren til barnebarnet.

For mange eldre er eit høyreapparat skilnaden mellom å vere ein del av fellesskapet eller å bli ståande utanfor. Difor vil Arbeidarpartiet no få ned ventetida på høyreapparat.

Altfor mange eldre må i dag vente lenge på å få høyreapparat. Den gjennomsnittlege ventetida ligg ein stad mellom 35 og 40 veker, og enkelte stader må folk vente opptil 1,5 år.

Lange ventetider fører ikkje berre til frustrasjon, men også til isolasjon, redusert sosialt liv og – i verste fall – alvorlege helseproblem som depresjon og demens. Dette er uverdig, og det er på tide at vi tek grep.

Arbeidarpartiet lanserer no ein høyreapparatgaranti.

Garantien skal sikre at ingen eldre må vente meir enn fire månader på høyreapparat. For dei med akutt behov skal ventetida vere maks tolv veker. Dette er ikkje berre ein lovnad – Arbeidarpartiet har ein konkret plan for å få det til. Vi foreslår tre tiltak:

  • Betre oppgåvedeling og enklare pasientforløp: Vi ryddar opp i regelverket og fjernar unødvendige tidstjuvar. Vi ser på korleis fastlegar, øyre-nase-hals-spesialistar og audiografar kan samarbeide betre, slik at pasientane får hjelp raskare.
  • Fleire fagfolk: Vi utdannar fleire audiografar og desentraliserer utdanningstilbodet i samarbeid med helseregionane. Dette gjer det lettare for fleire å ta utdanning lokalt, og vi sikrar ei jamnare fordeling av fagfolk over heile landet.
  • Betre teknologi og samhandling: Vi vurderer digitale løysingar for raskare handsaming av søknader til Nav, og ser på korleis vi kan gjere systemet meir effektivt.

Høyreapparatgarantien er ein del av Arbeidarpartiets eldreløft. Målet er at våre eldre skal få leve gode og trygge liv – utan unødvendig venting.

Dette handlar om verdigheit og tryggleik for alle som har bygd landet før oss. Vi lyttar til Pensjonistforbundet og andre som har peika på dei store utfordringane knytt til hørsel. No leverer vi konkrete løysingar.

Våre eldre fortener eit helsevesen som gir dei den hjelpa dei treng – når dei treng det. Det får dei med Arbeidarpartiet.

Benjamin Jakobsen, stortingskandidat for Arbeidarpartiet

Linda Monsen Merkesdal, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.