Kultur | 09. mars 2015

Kos og kontrastar

VIDEO: Mannskor på kvinnedagen, gamalt og nytt, Prøysen og Monthy Python, 90-årsjubileet til Os Mannskor blei både elegant og morosamt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mars 2015 10:29

Bildeserie:

Dirigent Marius Dale Romslo (t.v.) og formann Terje Skutlaberg. (Foto: KVB)
Dirigent Marius Dale Romslo (t.v.) og formann Terje Skutlaberg. (Foto: KVB)
Os Musikkforening, som snart skal til NM i Trondheim, var blant gjestane. (Foto: KVB)
Os Musikkforening, som snart skal til NM i Trondheim, var blant gjestane. (Foto: KVB)
Det var også Os Kammerkor. (Foto: KVB)
Det var også Os Kammerkor. (Foto: KVB)
Taus stilte med Ingrid Tretteberg (nr to frå høgre) som vikar. (Foto: KVB)
Taus stilte med Ingrid Tretteberg (nr to frå høgre) som vikar. (Foto: KVB)
Os Mannskor la opp til eit lettare program etter pausen. (Foto: KVB)
Os Mannskor la opp til eit lettare program etter pausen. (Foto: KVB)
Vangdal på spelte solo på Liten Fuggel. Mannskoret med nytt magebelte. (Foto: KVB)
Vangdal på spelte solo på Liten Fuggel. Mannskoret med nytt magebelte. (Foto: KVB)
Det blei også innføring i dei ulike stemmene i koret. (Foto: KVB)
Det blei også innføring i dei ulike stemmene i koret. (Foto: KVB)
Os Mannskor avslutta med å synga Elvis saman med Taus. (Foto: KVB)
Os Mannskor avslutta med å synga Elvis saman med Taus. (Foto: KVB)
1 av 8

VIDEO: Sjå samandrag på knappe 8 minutt av konserten i Oseana søndag. (Foto/klipp: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

«It's raining men», song vokalgruppa Taus. Os Mannskor følgte opp med «Når kjerringa masar og den minste skrik ...» frå låta «Den gamle korplata».

Os Mannskor feira 90-årsjubileet sitt på kvinnedagen søndag 8. mars, etter ein vellykka medlemsfest med «Tilslørte Bondepiker» laurdag kveld, begge delar i Oseanasalen.

Det blei eit fyldig, fint og variert program, med NM-klare Os Musikkforening, Os Kammerkor og vokalgruppa Taus som gjestar. Rundt 400 hadde løyst billett til konserten.

Over 2 timar og 50 minutt, inkludert 20 minutt pause, fekk vi høyra alt frå klassiske gamle viser til meir moderne popmusikk.

– Vi ville visa utviklinga i mannskoret, med eldre viser først i programmet og eit lettare repertoar etter pause. «Leve sangen», som vi opna med, er obligatorisk, det same er låter av vår tidlegare dirigent gjennom mange år, Henrik Lyssand, seier formann Terje Skutlaberg.

Alle gjestane var på scenen før pause, Os Musikkforening, som no skal til NM i Trondheim, Os Kammerkor, «som i alder kunne vore oldebarnet til mannskoret», og vokalgruppa Taus, som stilte med Ingrid Tretteberg som vikar for ein «mannskormedlem-produserande» gravid Taus-vokalist som ventar tvillingar.

Eit lynkurs i kor

Skutlaberg leia oss gjennom programmet med stil og glimt i auge, og gav fine introduksjonar av gjestegruppene og sine eigne.

Mannskoret hadde også klesskifte i løpet av kvelden, den svarte sløyfa i smokingen blei skifta ut med antrekket som var nytt til songarstemnet i Os i fjor, og den oransje sløyfa hadde fått selskap av nytt magebelte i den same Os inspirerer-fargen.

Formannen kjørte også, saman med dirigent Marius Dale Romslo, ei lynrask innføring og demonstrasjon av dei ulike stemmene i eit mannskor, første- og andretenor, og første- og andrestemme bass.

Pink Panteren og Monty Python

Vertane hadde fire nye songar til jubileumskonserten.

Blant dei var «The Pink Panther Theme» av Henry Mancini frå 1936, og «Always look on the bright side of life», av Eric Idle frå den britiske humorgruppa Monty Python.

– Monty Python-låta har vi vore innom éin gong før, fortel Skutlaberg om låta som skapte allsong i Oseanasalen.

Dei andre songane som var nye for mannskoret er den meir passande låta på kvinnedagen, «Kjære kvinne» av Ola Bremnes, og «Ungkarssalme» av Alf Prøysen.

Som avsluttingsnummer kom Elvis-låta «Teddy Bear», som Os Manskor song i leiken duett med Taus.

Jentene i Taus fekk kvar sin kosebamse saman med blomar som takk for gjesteinnslaga.

Les òg: Blir du staut av å synga? (Intervju med eldstemann i koret, Henrik Eidsvik)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.