Lokal | 01. nov. 2018

Køyrde gjennom her - fekk saftig bot

Ung mann trassa skilt, men såg ikkje at politiet var i nærleiken.

Køyrde gjennom her - fekk saftig bot
Denne delen av Kolskogheiane blei stengt 28. mai. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. nov. 2018 09:55

Måndag 28. mai blei delar av Kolskogheiane stengt i samband med bygging av ein mur. Arbeidet er del av prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal og nye kryss rundt starten på ny veg til Bergen.

Vegen er ikkje fysisk stengt, men skilt seier at det ikkje er lov med gjennomkøyring for andre enn buss i rute og utrykkingskøyretøy.

– Ein bil blei observert køyrande på den stengte vegen i 19-tida i går, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Førar, ein ung mann, blei meldt. Han kan venta seg ei bot på 5.500 kroner.

– Var det kontroll på staden, at de har mottatt klagar frå entreprenørane?

– Nei. Patruljen kom køyrande, det var tilfeldig at vedkomande blei observert.

– Men vi kjenner til at det har vore nokre tilfelle av at folk bruker dette som ein snarveg, så han er nok ikkje åleine, og det kan koma kontrollar i området.

• OPPDATERT: Statens vegvesen legg seg flat - asfalterer på tysdag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.