Politi | 25. apr. 2021

Køyrde i 66 km/t - fekk 6 prikkar på førarkortet

Ung førar tatt i snittmåling.

Køyrde i 66 km/t - fekk 6 prikkar på førarkortet
Hegglandsdalsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. apr. 2021 08:52

Han skal køyra prikkfritt nokre år for å halda på førarkortet, den unge mannen som blei tatt i snittmåling på Hegglandsdalsvegen laurdag.

Bilførar, som er i 20-åra, blei målt til 66 km/t i ei 50-sone, noko som normalt fører til tre prikkar på førarkortet.

Men mannen er i prøvetida, med ferskt førarkort, og då er det dobbel mengde prikkar. I tillegg blei det eit forelegg på 5.850 kroner.

Dette var klokka 12.40. Førti minutt tidlegare blei ein mann i 60-åra stoppa etter snittmåling på 65 km/t. Han fekk to prikkar og eit forelegg på 4.050 kroner.

Politiet fortel om ei roleg helg i Os så langt.

Natt til søndag fekk dei melding om feststøy i eit nabolag sør for Os sentrum. Politiet var i kontakt med huseigar, og ba han dempa musikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.