Politi | 03. feb. 2023

Køyrde i autovernet i Endelausmarka

Var uheldig i 100-sona.

Køyrde i autovernet i Endelausmarka
Bilen køyrde i autovernet rett før Skogafjellstunnelen retning Os. Det sludda og var glatt fleire stadar torsdag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2023 09:03

Klokka 00:31 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39 i Endelausmarka.

– Uhellet skal ha skjedd rett før Skogafjellstunnelen retning Os, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Bilførar, ei kvinne i 20-åra, var uskadd. Airbag var heller ikkje løyst ut, men bilen var skadd i front og ho kontakta bilbergar sjølv.

Det sludda i Os torsdag kveld, og var glatt fleire stadar. VTS varsla også strøbil som var i området.

Politiet hadde ingen operative tiltak.

Klokka 05.05 fredag morgon fekk politiet klage på støy i eit nabolag.

– Det var musikkstøy frå ei adresse på Lekven.

Ein patrulje frå Bergen køyrde til staden.

– Då dei kom fram var det stille i nabolaget. Det blei heller ikkje observert nokre personar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.