Politi | 24. jan. 2023

På gamlevegen utan førarkort

Bilførar stoppa på Søfteland, mistenkt for promillekøyring. Ein annan blei stoppa på Halhjem med narkotika i bilen.

På gamlevegen utan førarkort
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2023 08:11

Måndag ettermiddag i 16.45-tida stoppa politiet ein bil på Byvegen på Søfteland.

– Bilførar har ikkje gyldig førarkort. Vedkomande er også mistenkt for å køyra med promille, opplyser Vest politidistrikt.

Oppdatert/retta:

Politiet lokalt opplyser tysdag at dei i 17-tida i går stoppa ein bilist på Halhjem.

Det viser seg å vera same sak og same bil.

– Bilen blei observert på Søfteland, men stoppa på Halhjem, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Bilførar, ein mann i 50-åra frå ein kommune sør for Bjørnafjorden, har ikkje førarkort.

Det blei gjort beslag i narkotika på staden, utan at politiet vil seia noko om type eller mengde, og bilførar blei tatt med for blodprøvetaking.

Bilen han køyrde blei avskilta.

Utrykking til barneskule

Måndag ettermiddag var brannvesenet oppom Borgafjellet barneskule grunna utløyst automatisk varsling.

Det viste seg at alarmen var løyst ut manuelt, ved eit uhell, og at det ikkje var behov for hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.