Kultur | 13. sep. 2022

Kulturstipend til Markus og Mia

Bjørnafjorden kommune delte ut 2 x 20.000 kroner i stipend.

Kulturstipend til Markus og Mia
Kultursjef Erik Vangsnes fekk også fotografert prismottakarane saman med ordføraren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. sep. 2022 15:45

Pressemelding:

Årets kulturstipend for Bjørnafjorden kommune blei utdelt på eit arrangement for særskild inviterte på Kulí kafé tysdag ettermiddag 13. september.

Kommunen har to stipend, kvart på 20.000 kroner.

I år kom det inn 7 søknader, frå 4 gutar og 3 jenter.

– Det var færre søknader enn i fjor, men det var sterke søknadar og god fordeling på ulike kunstformer og idrettsgreiner, seier kultursjef Erik Vangsnes.

Dei to stipendmottakarane i år representerer to felt der Bjørnafjorden har markert seg godt i seinare år i filmkunst og sandvolleyball.

Ordførar Trine Lindborg sto for overrekkinga.

Markus og Mia fekk 20.000 kroner kvar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Markus og Mia fekk 20.000 kroner kvar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Filmskapar Mia Ludvigsen Henriksen: Mia er 24 år og har gjort ferdig eit masterstudie i «Master in Media practices» ved Høgskulen i Volda. Masteroppgåva hennar var å laga ein animasjonsfilm med bakgrunn i den lokale historia om svana «Havnesjefen». Ho vil bruka stipendet til å promotera filmen ovanfor festivalar.

Volleyballspelar Markhus Mol : Markus er 20 år og satsar på full tid som sandvolleyball på internasjonalt nivå. Markus kan visa til resultat både frå nasjonale og internasjonale meisterskap, og kjem rett frå europameisterskap i konkurranseforma King of the Court i Utrecht. Stipendet skal gå til reiser på nødvendige treningssamlingar i inn- og utland, og fleire nasjonale og internasjonale turneringar.

Unge mellom 16 og 29 år kan søka om kommunen sitt kulturstipend.

Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet. Kulturstipenda skal vera ei framtidsretta kjelde til vidare utvikling og satsing innanfor den omsøkte aktiviteten.

Formannskapet gjorde det endelege vedtaket rett før ferien og har ikkje fått til sjølve markeringa før no.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå tildelinga og planane til mottakarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.