Litteratur | 15. okt. 2022

Kvinne frå Os debuterer som forfattar

Denne sjangeren er svært populær Norge.

Kvinne frå Os debuterer som forfattar
Utsnitt av omslaget på «Søstre». (Foto/ill: Cappelen Damm)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveilørdag 15. okt. 2022 07:23

Lukritzia Loven frå Os debuterer i desse dagar med bokserien Søstre.

Den ferske forfattaren kjem frå Balestrand i Sogn, men har budd på Os i fleire år. Begge plassane har gitt inspirasjon til hennar nye romanserie. Dette skriv Cappelen Damm i ei pressemelding.

Serielitteratur er ein svært populær sjanger i Norge. Kvar veke les tusenvis av nordmenn ei seriebok, som i hovudsak blir selde gjennom abonnement og i daglegvarehandel.

– Totalopplaget på Lukritzia Loven si første bok i serien er 170.000. Desse bøkene sel meir enn dei fleste forfattarar kan drøyme om, opplyser Cappelen.

Inspirert av sterke kvinner

I første bok i Søstre blir lesarane tatt med til Sogn i 1345. Serien startar dramatisk;

- Søstrene Live på tolv og Eirill på sju må flykte då husmannsplassen dei bur på, blir stukke i brann og foreldra drept. Mora klarar i siste augenblikk å få jentene over i ein båt og skyvd den ut på fjorden. Der blir dei etter fleire dager funne drivande, i svært dårleg forfatning, av bonden Nikulas. Eit nytt liv byrjar for søstrene Live og Eirill.

Helt sidan Loven var lita jente, har ho drøymd om å bli forfatter. No har draumen endeleg blitt oppfylt.

FORFATTAR: Lukritzia Loven frå Os gir i desse dagar ut si første bok. (Foto: Privat)
FORFATTAR: Lukritzia Loven frå Os gir i desse dagar ut si første bok. (Foto: Privat)

Mykje av inspirasjonen til Søstre har Lukritzia fått frå nær familie, heim- og bustad.

– Eg har alltid elska sterke kvinner. Mine heltinner i oppveksten var blant anna Pippi Langstrømpe og Ronja Røverdatter. Jenter som tok opp kampen og gjekk rett inn i løva sin munn utan å sjå seg tilbake, men som likevel hadde kjensler og eigne meiningar, var alltid dei beste, seier Loven.

Etter kvart som forfattaren skreiv på historia og karakterane dukka opp, oppdaga Lukritzia noko underleg.

– Karakterane var skremmande lik folk eg kjende i den verkelege verda. For meg har serien nærmast blitt eit slektstreff med gamle kjende, og eg vonar alle andre som dukkar ned i dette universet vil dra på smilet og kjenne att karakterar frå sitt eige liv.

SØSTRE: Debutromanen til Lukritzia Loven. (Foto: Cappelen Damm/NorskeSerier)
SØSTRE: Debutromanen til Lukritzia Loven. (Foto: Cappelen Damm/NorskeSerier)

Ein av dei viktigaste personane vi får møta i første bok, er Gygri. Ho er ei gammal kone som lever for seg sjølv i ei jordhytte i skogen.

– Ho er både mystisk og nesten litt skremmande, men like god som dagen er lang. Det gode og milde i Gygri er inspirert av oldemora mi, som har vore mi heltinne heile livet.

Populært blant nordmenn

I dag er det til ein kvar tid mellom 40 og 50 romanseriar på marknaden. Og sidan 1980-talet er det blitt gitt ut rundt 250 ulike romanseriar.

Cappelen Damm gir ut seriar under varemerket NorskeSerier, og lanserer rundt seks nye seriar i året.

Titusenar av nordmenn følger ein eller fleire av dei populære romanseriane
som blir gitt ut i Norge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.