Litteratur | 10. juni 2022

Lyst til å lesa - heile sommaren

Over 800 ungar har meldt seg på kampanjen til bilbioteket.

Lyst til å lesa - heile sommaren
Kirstine Folmann begynte i jobben som biblioketsjef i Bjørnafjorden kommune i januar i år. (Foto: Dositej Rarogijevic-Vukovic)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. juni 2022 11:44

Leselyst og lyst til å lese – heile sommaren.

Meir enn 800 ungar har meldt seg på årets Sommarles 2022.

Lesing er både ein eigenskap og ein kulturell kompetanse. Ved å lesa får barna ikkje berre ta del i tekstkulturen, dei utviklar også evna til å tolka og forstå ulike tekstar. Dette gir igjen moglegheit for ny læring og forståing av seg sjølv og samfunnet.

Der er mange gode grunnar til å lesa, men leseglede kjem ikkje av seg sjølv.

Leseglede hos barn må stimulerast, og det resulterer ofte i at barnet blir meir motivert for å lesa. Å trena lese-evnene sine er ein livslang prosess, og fleire undersøkingar slår fast at barn og unge med gode lese-evne gjer det betre i andre fag.

Det er også slik at gjennom lesing utviklast empati, og du får ei større forståing av deg sjølv og verda rundt deg. Det er også mykje å velja i, blant historier og forteljingar, frå krim og fantasy til drama og kjærleik.

I kampanjen sommarles 2022 vil barnet som deltar oppmuntrast til å lesa, og det vil vera mål og meining for å lesa.

For at barnet sin indre motivasjon for lesing kan pirrast, må barnet sitt behov for tilhøyring og sjølvbestemming vera dekka. Der kan sommarles vera eit bra utgangspunkt!

Sommarles 2022 kampanjen er ein digital lesekampanje for ungar frå 1. til 7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august.

Barna kan oppretta ein profil seg på sommarles.no, registrera bøkene dei les, samla poeng, få kule, digitale trofé og magiske premiar, lesa den eksklusive Sommarles-forteljinga, løysa oppgåver og følgja med på kva venane les.

Deltakarane kan lesa nesten kva som helst av bøker! Dei kan også lytta til lydbøker eller bli lest for av mamma, pappa eller nokre andre som er flinke til å lesa.

Årets sommarles starta 1. juni. Biblioteket er ope heile sommaren slik du får tak i alle dei bøkene, teikneseriane eller lydbøkene du ønskjer. Vel møtt på biblioteket!

Kirstine Folmann
Biblioteksjef

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.