Politi | 14. nov. 2021

Kvinne meldt etter å ha bite ein mann

Rykte ut på tre slåstkampar laurdag kveld.

Kvinne meldt etter å ha bite ein mann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. nov. 2021 07:41

Laurdag i 20.30-tida fekk politiet melding om ein mann som hadde blitt biten av ei kvinne.

Mannen er i 20-åra, kvinna i 30-åra. Bittet skal ha skjedd uprovosert.

– Dette skjedde på ei sentrumsnær adresse. Ein patrulje rykte ut. Det var fleire personar i bustaden, men relasjonen mellom partane er ukjent, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Kvinna var verbalt utagerande mot patruljen, og nekta å oppgi personalia. Ho er meldt.

Til arrest og legevakt

I 01-tida i natt fekk politiet melding om slåstkamp på ei anna sentrumsnær adresse. Her var 2-3 menn involvert.

– Det var noko uoversikteleg, og store språkutfordringar mellom dei på adressa og politiet. Ein mann i 30-åra var skadd, han hadde truleg knekt nase og blei køyrd til legevakt.

– Han som framsto som mest aggressiv, ein mann i 60-åra, blei køyrd i arresten i Bergen.

Barka saman på bensinstasjon

I 03.30-tida kom det melding om slåstkamp på døgnopne 7/Eleven.

– To personar i 20-åra hadde slåst. Ein av dei hadde gått frå staden då patruljen kom fram. Vi tok avhøyr avmotparten og fleire vitne.

Han som hadde gått frå staden er mistenkt. Politiet ønskte fornærma velkomen til å melda forholdet på måndag.

Feststøy to stadar

Politiet fekk klage på støy frå fest to stadar i natt, i Kuvågen-området i 23-tida og på Nore Neset rundt klokka 03.

– Festen i Kuvågen var avslutta då patruljen kom fram, på Nore Neset retta arrangør seg etter påbodom å dempa seg.

Laurdag formiddag i 09.30-tida rigga politiet opp til trafikkontroll på Moberg.

44 bilistar blei kontrollert i løpet avrundt ein time. Politiet fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.