Politi | 07. nov. 2021

Stoppa slåstkampar og piratdrosje

Fleire patruljar blei sendt til sentrum grunna slåstkampar utanfor festlokale.

Stoppa slåstkampar og piratdrosje
Ting roa seg då fleire patruljar kom til staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. nov. 2021 07:56

I 01-tida natt til søndag fekk politiet melding om fleire slåstkampar på utsida av eit privat festlokale.

– Dette var unge vaksne som ikkje hadde fått lov å koma inn på festen, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Det var amper stemning på staden, og fleire patruljar blei sendt.

– Dei som hadde vore involvert i slåstkampane reiste frå staden, og det roa seg etterkvart. Éin person blei meldt for ikkje å gi personalia til politiet.

Har aldri hatt lappen - køyrde «drosje»

I 02.30-tida blei ein bilist stoppa, mistenkt for å køyra piratdrosje.

Ifølgje Vest politidistrikt hadde vedkomande ein passasjer i bilen som hadde betalt for å bli køyrd.

Det viste seg også at bilførar, ein mann i starten på 20-åra, ikkje har førarkort.

– Han har heller aldri hatt førarkort, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.