Politi | 18. des. 2023

Kvinne tatt for tjuveri

Mistenker at ho har vore i same ærend fleire gongar.

Kvinne tatt for tjuveri
Politiet rykte ut til AMFI Os søndag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. des. 2023 08:50

I 19-tida søndag blei ei kvinne tatt for tjuveri frå ein butikk på Amfisenteret.

Politiet blei tilkalla, og rykte ut til staden.

– Vedkomande, som er i 30-åra, er meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Varene er levert tilbake til butikk. Det er mistanke om at ho har vore der fleire gongar i same ærend.

Tok beslag i førarkort

Klokka 13.05 søndag fekk politiet melding om trafikkulykke i Os sentrum.

Ein person hadde blitt påkøyrd i fotgjengarfeltet på Hatvikvegen mellom Torggata og Esso.

– Fotgjengar blei køyrd til Haukeland med ukjent skadeomfang, opplyser Birkeland.

Vedkomande er ein vaksen mann.

– Bilførar, ei kvinne i slutten av 60-åra, fekk førarkortet beslaglagt på staden.

Sak er oppretta.

Brann i ny pipe

I 12.30-tida rykte politiet ut på melding om mogleg brann i Gymnasvegen.

Det hadde vore opne flammar i samband med matlaging, men utvikla seg ikkje til brann.

Ingen personar blei skadd. Politiet har oppretta sak.

I 15.20-tida kom det melding om pipebrann på Søre Neset.

– Ingen personar blei skadd. Det viste seg å vera brann i ei heilt ny pipe, opplyser politiet.

Båt trengte assistanse

Det har vore mykje nedbør i helga, spesielt frå fredag til laurdag. Det har gått fleire ras og skred i indre delar av Vestland, men i Os har vêret bydd på færre utfordringar.

Søndag formiddag hadde verken teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune eller brannvesenet noko på blokka, med unntak av at dei som forebyggande tiltak stengte Ole Bulls veg med bom.

Og med unntak av ein seglbåt på rek.

– Vi fekk ein førespurnad frå Hovedredningssentralen i samband med ein båt som dreiv utanfor Hatvik. Vi har ikkje båt for den typen oppdrag, slik forholda var, og anbefalte dei å kontakta ferja, noko dei ville gjera, seier varabrannsjef Erik Walden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.