Politi | 22. apr. 2023

Lagde bål i barnehage

Politiet fann ikkje ungdomane igjen.

Lagde bål i barnehage
Kuvågen barnehage, som i dag er del av Læringsverkstedet. Her som Kulur i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. apr. 2023 06:50

Fredag klokka 21.41 fekk politiet melding om bålbrenning på området til Læringsverkstedet sin barnehage i Kuvågen.

– Patruljen sløkte bålet saman med naboar, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Det var meldt at det var ein ungdomsgjeng ved bålet, men dei var vekke då patruljen kom fram.

– Vi fann dei heller ikkje igjen, men ønskjer å minna både desse og andre på at det er skogbrannfare. Folk må vera forsiktige!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.