Politi | 21. sep. 2023

Landa på 12 prikkar

Førarkortbeslag etter fartsmåling.

Landa på 12 prikkar
Vedkomande blei målt ein stad i 80-sona, altså mellom Skogafjellstunnelen og Moberg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 21. sep. 2023 07:39

Klokka 15 onsdag ettermiddag blei ein ung gut stoppa på E39 Halhjemsvegen grunna høg fart.

– Han kom opp i 12 prikkar, så det blei tatt beslag i førarkortet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Oppdatert:

Vedkomande blei målt til 102 km/t i 80-sona, noko som kvalifiserer til eit forelegg på 9.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

– Sidan vedkomande er fersk bilførar, og i prøvetid, blei det dobbelt opp og seks prikkar. Han hadde seks prikkar frå før, dermed blei det førarkortbeslag.

Vedkomande samtykka ikkje til førarkortbeslag, og det er oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.