Gull verdt for samspelet mellom ung og gammal

Éin enkelt søknad løyste ut 1,5 millionar kroner som skal bidra til at unge kan bidra aktivt i eldre sin kvardag.

– No kjem ei god tid for å vera ute. F.v. kommunalsjef Monica Totland Melvold, konst. leiar Luranetunet, Hilde Storum, avdelingsleiar kultur og fritid, Grete Byrkjeland og ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 11. mai 2021 13:03

Under ei strålande sol i ein blømande hage på Luranetunet bu- og behandlingssenter kunne kommunalsjef Monica Totland Melvold, konstituert leiar for Luranetunet, Hilde Storum, avdelingsleiar kultur og fritid, Grete Byrkjeland, saman med ordførar Trine Lindborg (Ap) i dag dela gledeleg nytt.

– Statsforvaltaren i Vestland fylke har innvilga eit stort tilskot til aktivitetstilbod og besøksvertar for beburarar på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, fortel Byrkjeland.

– Totalt er det snakk om 1,5 millionar kroner.

Penneførar i søknaden er Byrkjeland og kultureininga i kommunen.

– Eg vil verkeleg retta ein honnør og ein stor takk til Byrkjeland og kultureininga for at dei greip denne sjansen, seier Lindborg.

– No hadde vi nyleg gladsaka om 600.000 kroner til BUA, som opnar i juni, og så kjem dette i tillegg. Dette er verkeleg godt nytt!

Vil engasjera ungdom - spesielt gutane

Byrkjeland fortel at tilskotet i hovudsak er midlar til å kunna engasjera ungdom i arbeid gjennom sommaren i år.

– Om lag 1,2 millionar kroner av tilskotet er meint å engasjera ungdom som aktivitetsassistentar. Dei resterande pengane er tenkt å gå til aktivitetar, som til dømes konsertar og friluftsaktivitetar, eller til utstyr som trengs til desse aktivitetane.

Melvold og Storum stiller seg begge bak Lindborg si glede over midlane som no er løyst ut frå Statsforvaltaren.

– Dette er verkeleg godt nytt for Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter. Det er samstundes godt nytt for ungdom som ser etter sommarjobb, eller som kanskje vurderer å studera helsefag, seier Storum

Storum fortel vidare at reint praktisk vil eit engasjement som besøksvert innebera arbeid i sommarferien.

– Dette er å rekna som ein sommarjobb, og du kan søkja på vanleg måte som ferievikar. Det er ikkje nokre spesielle krav til å bli besøksvert, og vi ser etter ungdom som er frå 16 år og oppover.

– Ikkje minst vil vi oppfordra gutar til å søkja, legg Melvold til.

– Her er det eit stort behov, og eg trur det hadde vore eit flott tilskot i kvardagen på begge sentra.

Gull verdt for samspelet mellom gammal og ung

Det glade firkløveret fortel om fleire døme på kva ein ungdom, engasjert som besøksvert, kan få av oppgåver.

– Det kan vera hagearbeid saman med bebuarane, å gå på tur, syngja eller spela saman, eller berre sjå på den flotte utsikta i Os og Fusa saman, fortel Byrkjeland.

– No går jo vi inn i ei herleg tid for å vera ute.

– Det som er så fint her, er det samspelet mellom ungdom og dei eldre dette legg opp til, seier Lindborg. Her har vi no midlar til verkeleg gode opplevingar saman på tvers av generasjonane.

– I tillegg veit vi at det i år er endå vanskelegare for ungdom å få seg sommarjobb, og då er det godt å veta at vi som kommune er med å tilrettelegg for å motverka dette.

Kortreist sommar for dei heimebuande

Byrkjeland kan òg fortelja at det er søkt om og innvilga midlar til dei som ikkje er på bu- og behandlingssentra i kommunen.

– Det er stas å kunne fortelja at vi i tillegg har landa 390.000 kroner i midlar til tiltak retta mot desse.

– Her ser vi føre oss tilrettelagde tilbod med fokus på kultur og opplevingar. Det kan vera mat-opplevingar, mindre samlingar heime eller turar i små grupper. Rett og slett eit godt, kortreist sommartilbod for alle, avsluttar Byrkjeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.