Politi | 14. des. 2021

Lettare skadd i arbeidsulykke

Mann hamna i klem mellom to trailerar.

Lettare skadd i arbeidsulykke
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. des. 2021 09:09

Måndag klokka 09.23 fekk politiet melding om ei arbeidsulykke.

– Ein semitrailer på varelevering rygga på ein arbeidstakar på staden han skulle levera varer, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ein mann i midten av 20-åra hamna i klem. mellom den ryggande bilen og ein annan trailer.

– Han blei ikkje alvorleg skadd, men reiste til legevakt for sjekk.

Trailersjåføren, ein mann i 40-åra, blei avhøyrd på staden.

Politiet har ikkje mistanke om at det er snakk om noko anna enn eit uhell, og har inntrykk av at begge partar har vore uforsiktige. Det er oppretta sak.

Såg bil som mangla eitt lys - mangla visst tre til

Klokka 23.37 måndag kveld stoppa politiet ein bil på Lepsøyvegen.

– Årsaka var at den mangla eit baklys, men ved nærmare kontroll viste det seg at fleire lys var defekte.

Bilen mangla både blinklys, bremselys og ryggelys. Bileigar fekk pålegg om å få dette reparert innan 27. desember.

To avskiltingar på Nore Neset

I 21-tida i går var politiet på Nore Neset, der to bilar var begjært avskilta.

– Eigar var ikkje heime, men skilta blei tatt på ein pickup og ein lastebil, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.