Stjernelaget og Evy Søfteland fekk støtte av Liverbirds før gårsdagens kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Liverpool-supporterane delte ut 17.500 kroner

TV-aksjonen, Stjernelaget og «Hjelp til å hjelpe» fekk støtte av Liverbirds.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag ettermiddag var Liverbirds Os samla på Catten sin sportsbar for å sjå Manchester United ta imot erkerivalen Liverpool.

Før kamp tok den lokale supporterklubben imot representantar frå Søre Neset idrettslag og Evy Søfteland frå «Hjelp til og hjelpe Os».

Søre Neset sitt Stjernelag fekk 5000 kroner i støtte til treningsleir i Danmark, Evy Søfteland fekk 10.000 kroner i støtte til sitt arbeid med utkøyring av mat, møblar og klede til vanskelegstilte i Os.

I tillegg gav fanklubben 2500 kroner til TV-aksjonen.

– Eit av formåla til Liverbirds

Sture Vevatne frå styret i Liverbirds Os seier at det å støtta andre har vore eit formål heilt frå starten av den lokale supporterklubben.

– Vi har 70-80 betalande medlemmar, og mange som støttar oss via grasrotandelen. Dei to årlege utbetalingane ligg på rundt 15.000 kroner kvar, og pengane går ut til folk som treng dei meir enn oss.

Klubben frå Os har støtta lokalsamfunnet rundt Anfield frå start.

• Les òg: Gledestårer i Liverpool og 30 heimelause i Liverpool fekk hjelp frå Os

I vår døydde kontaktpersonen og kameraten deira i Liverpool, John Gibney, av sjukdom. Gravferda blei utsett så Oddvar Davanger frå Os rakk å koma bort og vera med å bera kista.

– Vi skal halda fram med å gi støtte til dei fattigaste i Liverpool, og kjem til å oppretta ei ordning i John sitt namn, så vi får sett det i system, fortel Oddvar.

– Samtidig ønskjer vi å støtta folk i Os. Evy fekk pengar frå oss i fjor òg, no får vi i tillegg hjelpa Stjernelaget.

Også forbildet deira, Liverpool, var rause i går, og delte for første gong denne sesongen poeng med motstandar.

God støtte til treningsleir

Stjernelaget til Søre Neset har tidlegare vore på treningsleir i Portugal to gongar. Neste tur går til Danmark.

– Spelarane betaler eigenandel, men vi prøver å redusera denne mest mogleg.

• Les òg: Stjernelaget snudde kampen mot Brann

– I alt kjem turen på 83.000 for spelarar og støtteapparat, saman med sal av krabbe og 10.000 frå Byggmester Aarvik nærmar vi oss no 20.000 dekka inn, seier trenar Kristine Bjånes Tikkanen.

Når ut til dei som treng det mest

Evy Søfteland har hjelpt vanskelegstilte i Os i 5,5 år. Ho hentar mat hos tre daglegvarebutikkar i Os, som ho køyrer rundt til ulike personar og familiar, i tillegg hjelper ho til med å skaffa møblar, utstyr, leikar og klede.

– Det er døgnet rundt heile veka, og det har auka på etter at Sigrid Tvedt, som hjelpte mange, gjekk bort, fortel Evy.

Ho har rundt 100 mottakarar på lista. Drivstoff og drift av bil betalar ho frå si eiga trygd.

– Desse pengane kjem godt med, spesielt no inn mot jul. Eg får mykje gratis som eg kan dela ut, men det er heile tida noko som må kjøpast.

Fleire saker