Debatt | 19. okt. 2025

Lønner det seg å vere oppriktig?

DEBATT: Eg meiner – ja!

Lønner det seg å vere oppriktig?
Emil Tetlie Brimsholm. Foto: Privat
Lesarinnlegg
Lesarinnleggsundag 19. okt. 2025 21:41

Arbeidarpartiet vann valet, og omsette resultatet som ein siger saman med resten av den sokalla tutti-frutti-koalisjonen.

No, ein månad etter valet, ser vi kva fasiten faktisk er: regjeringa legg fram eit statsbudsjett med rekordhøg bruk av oljepengar.

For Høgre har det vore viktig å vere oppriktige overfor veljarane.

Eg skal vere den første til å innrømme at me ikkje alltid har lukkast godt nok med å formidle bodskapen vår enkelt og tydeleg. Me har hatt gode svar, men dei har ofte blitt for tekniske – og då når ikkje bodskapen fram.

Eit døme er diskusjonen om kutt i formuesskatten på arbeidande kapital – der me nok blei for tekniske i forklaringa, og budskapen ikkje kom tydeleg nok fram.

For Høgre er det viktig å føre ein politikk som er oppriktig og ansvarleg, bygd på dei opplysningane og realitetane me faktisk har når vedtaka blir fatta. Politikk må vere forankra i sanninga slik situasjonen er – ikkje i ønsketenking eller valstrategi.

Når me no ser at Arbeidarpartiet lovar éin ting rett før valet, for så å snu berre dagar etter at røystene er telt opp, kan ein verkeleg lura på kva som skjer.

Dette er ei lite tillitsvekkande måte å drive politikk på – og det er nettopp denne typen dobbeltkommunikasjon som undergrev tilliten mellom veljarane og dei som styrer landet.

For Høgre er det òg viktig med forutsigbarheit i kvardagen – til dømes når det gjeld rutetilbodet for ferjene våre. Folk må kunne stole på at ferjene faktisk går når dei skal. Høgre meiner ikkje nødvendigvis at ferjene skal vere gratis, men at prisane skal vere overkommelege og tilboda stabile.

Når Arbeidarpartiet no legg fram sitt statsbudsjett, ser vi ser fleire brot på sentrale valkampløfte.

Gratis ferjer og sletting av studiegjeld vert no kutta eller fjerna, sjølv om desse lovnadene blei gitt berre nokre dagar før valet. Dette skjer berre kort tid etter at dei fekk tillit frå veljarane.

Fremskrittspartiet har gjort noko liknande før. I fjor snakka dei høgt og tydeleg om å kutte grunnrenteskatten på havbruk, men i sitt alternative budsjett brukte dei likevel desse inntektene til å finansiere andre lovnader. Kva gjer dei i år, det får me sjå.

Høgre står no i ein fase der me skal reise oss igjen. Me veit at tillit ikkje kjem av slagord, men av handling.

Me trur framleis på at oppriktighet varer lengst – og at veljarane til slutt verdset eit parti som gjer det me seier.

No blir det spennande veker framover, når me skal følgje forhandlingane og debatt om statsbudsjettet.

Emil Brimsholm
Nest gruppeleiar og formannskapsmedlem
Bjørnafjorden Høgre

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.