Lokal | 05. des. 2017

– Må komma i kommunestyret

Kommunebudsjettet 2018 • MDG og TVS fekk ikkje presentert sine budsjettframlegg.

– Må komma i kommunestyret
Terje Sperrevik (TVS) og Nils-Anders Nøttseter (MDG) må presentere sine budsjettframlegg direkte i kommunestyret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 05. des. 2017 13:56

I samband med budsjetthandteringa i formannskapet tysdag, kor dei ulike partia eller grupperingane presenterte sine framlegg til budsjett for Os kommune i 2018, kom det fram at det var to parti som ikkje fekk presentert sine framlegg.

– Det er to parti som ikkje er representert her, som har eigne budsjett, korleis handterer vi det, undra Helge Steinum (Ap) i innleiinga av møtet.

Problemstillinga kom litt bardus på ordførar Marie Bruarøy (H) som ba om hjelp frå administrasjonen.

– Eg vaklar litt. Kan vi sjekke opp fram mot pausen, kommenterte Bruarøy.

Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas fortald at det strengt tatt var formannskapet si innstilling som skal ut på høyring, men at ein pleier å legga ut alle partia sine framlegg.

– Opposisjonen står fritt til å komma med sine direkte i kommunestyret. Det er som Ingrid Karin seier innstillinga som skal leggast ut på høyring, men det er positivt om dei andre leggast ved som vedlegg. Eg skal sjekke litt i ei pause, supplerte rådmann Christian F. Fotland.

Må koma i kommunestyret

Etter at dei partigrupperingane som var representert i formannskapet hadde presentert sine framlegg, kom temaet opp igjen.

– Det hadde vore gustig å ta ei pause no, slik at rådmannen fekk sjekka opp omkring prosendyrene for dette, kommenterte Eirik André Hesthamar (Frp).

– Eg antar at dei som sit rundt bordet stemmer på sine forslag. Då er det eit fleirtal her som gir innstillinga, svara Bruarøy.

– Jo, men det blei gjort eit ganske stort nummer av det når Ap ikkje la fram sitt framlegg for nokre år sidan, svara Hesthamar.

– Forskjellen er at han valde å ikkje legga det fram, kommenterte Bruarøy.

Rådmannen nytta høvet til å lesa seg opp på kommunelova §45.3, kor det kjem fram at innstilling til årsbudsjett med alle dei forslag som foreligg skal leggast ut til offentleg ettersyn.

– Dei to siste foreligg ikkje. Dei må altså leggast fram i kommunestyret og vi kan ikkje legga dei fram til offentleg ettersyn.

– Om dei vil publisera det via lokalpressa er opp til dei, konkluderte ordføraren.

Sjå òg:

Budsjettframlegg: Barn og unge i fokus
Fann rom for næring og kultur
Arbeiderpartiet vil kutta bølgjebrytarane
Vil oppretthalde kontantstøtta

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.