Kultur | 06. nov. 2021

Magne J. Lunde blir bisett i Oseana

Tar avskjed i storstova med talar og song.

Magne J. Lunde blir bisett i Oseana
Magne Lunde, her i 2011, har gått bort. Tysdag er det seremoni i Oseana, her under kulturlivets «red alert» 30/9 pandemiåret 2020. (Begge foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. nov. 2021 09:39

Torsdag blei det kjent at trommeslagar, musikklærar og rockelegende Magne «Mannaen» Lunde er død.

Magne Johan Lunde (18.07.1951-02.11.2021) blir bisett i Oseana tysdag 9. november.

– Seremonien startar klokka 12, dørene opnar klokka 11. Alle som vil ta avskjed med Magne er velkomne, seier Magne sin bror, Tore Lunde.

Magne vaks opp med to yngre søsken, tvillingane Tore og Ingrid.

Han etterlet seg ei dotter, ein son og fleire barnebarn.

Familien skal seinare ha ein meir privat seremoni i samband med urnenedsetjing.

To tårer for Magne

Det blir talar og song. Egil Eldøen og Saft er blant dei som skal spela.

– Magne sin ven, Tore Thorsen, har skrive ein låt no etter at han gjekk bort, «To tårer for Magne», og vil framføra den under seremonien.

Thorsen skreiv også «Dear Friend» for Waterwagon, eit av banda Magne var aktiv i til det siste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.