Kultur | 02. nov. 2021

Magne Johan Lunde har gått bort

Rockelegenda og musikklæraren blei 70 år.

Magne Johan Lunde har gått bort
Musikar, Spellemannpris-vinnar og trommelærar Magne Lunde, her i 2012, er død. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. nov. 2021 20:53

– Eg har aldri hatt det betre, sa Magne Johan Lunde då han i 2011 fylte 60 år.

Søndag 18. juli i år fortalte han at tårene kom då han såg talet på kaka. Magne blei 70 år.

Han blei pensjonert frå Bjørnafjorden kommune, men avtalen med Vaksdal kommune heldt fram til oktober i år.

I kveld ligg det mange hjarte og fine helsingar til Magne på facebookprofilen hans.

Midtsiden har fått stadfesta den triste meldinga frå nær familie.

Her er utdrag av nokre av helsingane:

Bård Ose: Det finnes ikke superlativer nok til å rose hans innsats på plater med Saft, Jan Eggum, Jahn Teigen, Tornerose og et hundretalls andre. Alle som spilte med Manna-en bak trommesettet visste at bandet ble bedre med ham på laget. Det er ikke for ingenting at han ble tildelt Kongens fortjenestemedalje. For meg var Manna-en det største forbildet blant norske trommeslagere. Men viktigst av alt - Magne var en god venn. Hjertet hans har gjerne sluttet å slå, men trommene hans vil alltid være der.

Terje Søviknes: Trist melding i kveld - vår kjære Magne Lunde har gått bort. Du var ein institusjon i Os-bygdo og en høyt respektert trommeslager i musikkverden. R.I.P. Magne.

Egil Eldøen: Kjære gode Manna, Magne Johan Lunde. Trist å høre at du har lagt ned trommestikkene. Jeg har alltid digget deg. Hvil deg nå kjære venn

Jørn A. Kalvik: Vi i 'Tornerose' hadde gleden av å spille med ham i sommer under gjenforeningen av bandet på Lægreidfest i Sogndal, som ble en av hans siste spillejobber. Vi turnerte sammen i 1978-80 og har mange gode minner fra denne hektiske tiden. Dette var en tung beskjed å få - hvil i trommehimmelen, Magne.

Frå VG-lista til slottet

Magne er fødd same år som blant andre Phil Collins (30/1), Bob Geldof (5/10) og Jan Eggum (8/12).

Han har levd av trommene i 53 år.

I 1971 til 1972 låg Magne Lunde og resten av bandet «Saft» i 14 veker på VG-lista med låten «People in Motion». Magne blei kjent for å spela trommer på ein banebrytande måte, og fekk internasjonal merksemd.

I videoen under ser du ein 20 år gamal Magne - og ein 52 år gamal Magne - med Saft på NRK:

På 1980-talet spelte han blant anna på tre av Jahn Teigen sine album.

Fleire Spellemann-prisar og gullplater seinare framførte han i 2012 eit bestillingsverk under Osøren Blues & Jazzfestival - ein trommesolo på 30 minutt (!).

Same år fekk han, som første rockemusikar i Noreg, Kongens fortensmedalje i sølv. Lunde møtte Jahn Teigen for ei fin mimrestund etter at han hadde vore på slottet og takka kong Harald - som han også fekk til å le i løpet av seremonien.

Magne var aktiv med bandet Tornerose og Waterwagon fram til han gjekk bort.

Under ser du fleire tidlegare intervju og videoar Midtsiden har gjort med Magne dei siste åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.