Kultur | 02. juli 2016

Måndag kjem denne gjengen til Halhjem

Parade og burning 4. juli - no er det òg meldt bra vêr.

Måndag kjem denne gjengen til Halhjem
Her snudde paraden i fjor. I år går turen til Halhjemsmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. juli 2016 17:56

Bildeserie:

Paraden startar ca 18.30. Her er ruta. (Google Maps)
Paraden startar ca 18.30. Her er ruta. (Google Maps)
Linda og Frank ser fram til konkurransen i burning. (Foto: KVB)
Linda og Frank ser fram til konkurransen i burning. (Foto: KVB)
1 av 2
Paraden startar ca 18.30. Her er ruta. (Google Maps)
Linda og Frank ser fram til konkurransen i burning. (Foto: KVB)

Måndag 4. juli er det igjen tid for å feira den amerikanske uavhengighetsdagen, også i Os.

I fjor slo den USA-inspirerte Er-An Veikro seg saman med Os Amcar Club og lagde både parade med amcars og konsert med Lothepus.

Sjølv om det er ferie så er ikkje måndag ein spesielt god «utedag» i Os, så då blei det litt ombygging av programmet. I midten på juni kom løyvet til å børna.

– Vi hadde litt tryggleiksførebuingar i går, blant anna med test av burning på den aktuelle plassen, og det gjekk veldig fint.

– Eg må seia at eg er imponert over kor mykje gummi som ligg igjen på plassen etter berre éin burning, det er nesten så eg kan ta det med inn som dekor i restauranten, seier Linda Andersen frå vegkroa.

Men først: Parade med amcars

Mens konsert er skifta ut med konkurranse i burning blir det parade med amcars også i år.

I fjor var det 75 bilar som cruisa til Lienfabrikken i Hegglandsdalen og tilbake til Røykenes, i år går ruta til Halhjemsmarka.

Paraden startar på Røykenes klokka 18.42 og er venta å vera tilbake klokka 19.28.

– Turen går nedom Osøyro begge vegar, på returen køyrer vi inn Brugata, rundt Drageset-hjørnet og ut Torggata og vidare ut rundkøyringa igjen, fortel Frank Hetleflåt.

Burninga er etter returen.

– Det var stor stas med alle som sto langs vegane med norske og amerikanske flagg i fjor. No gler vi oss over at vêrmeldingane er betre, det ligg an til lettskya og sol, så vi får kanskje eit fint publikum i år òg.

Stenger parkering og køyrer skyttelbuss

Frå klokka 16 måndag er parkeringsplassen ved restauranten berre open for amcar.

Andre kan parkera ved verkstaden over vegen, ved Bahus-løa eller hos Betonggulv ved Vestlandske Heiltremøblar, nær kunstgrasbanen Stilvoll.

– Vi heng opp plakat med telefonnummer på så folk kan ringa om dei vil hentast med buss til Røykenes, fortel Linda.

– Fleire klubbar har meldt at dei stiller, det kjem bilar frå både Askøy, Bergen og Nordhordland, i tillegg til Os. Det er førebels uvisst kor mange vi blir, men vi håper meldingane held seg, at det blir opphaldsvêr, seier Frank.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.