Samferdsle | 16. des. 2023

Mange stengte vegar grunna skred i Vestland og Rogaland

Vegvesenet: – La bilen stå.

Mange stengte vegar grunna skred i Vestland og Rogaland
Vegvesenet sitt kart er praktisk å sjekka før eventuell avreise. (vegvesen.no/trafikk)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. des. 2023 19:09

Vêromslag frå kulde til plussgradar fekk saman med store nedbørsmengder Meteorologisk institutt til å koma med raud farevarsel om snøskred og oransje farevarsel om jordskred i midtre og indre delar av Vestlandet.

– Vurder nøye om du må ut på vegen. La helst bilen stå, oppfordrar Statens vegvesen i ei pressemelding laurdag kveld.

– Det er svært krevjande køyreforhold fleire stadar, og fleire vegar kan stenga på kort varsel. Det er òg venta meir nedbør og det er fare for fleire ras.

Om du kjem til eit skred er det best å snu og køyra tilbake. Både for din eigen tryggleik sin del, og fordi det kan ta tid før vegen opnar igjen.

  • Vegvesenet oppmodar deg å sjekka vegvesen.no/trafikk før du eventuelt startar turen.
  • Du kan òg bruka appen «Vegvesen Trafikk» og få SMS-varsel for fjellovergangane.

Kartet viser i skrivande stund fleire skred i Vestland:

Innover nordsida av Hardangerfjorden, på fv 79 frå Ålvik til Granvin, er det fare for vannplaning.

Langs sørsida av fjorden har det vore steinsprang over fv 49 i Austrepollen (nær nordenden av Folgefonntunnelen).

På begge siden av Sørfjorden inn til Odda har det vore skred, med eit stort jordskred på Måge på vestsida, der folk no blir evakuerte.

På austsida av Sørfjorden har det gått jordskred mellom Odda og Tyssedal og steinras mellom Tyssedal og Ullensvang på rv 13.

Køyrer du over Hardangerbrua for å koma deg til Eidfjord, kjem du til stengt rv 7 grunna snøras rett før Eidfjord.

På E16 frå Åsane til Voss er det ope, men du treng nok både niste og tolmod. Der er det merkt av for vegarbeid, fleire stadar med ledebil, 15 ulike stadar, 12 av dei mellom Trengereid og Voss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.