Lokal | 18. juli 2018

– Mange vi ikkje har sett før

Både Jernia og Nordisk Rom fortel at dei har inntrykk av at det er fleire turistar i sentrum enn tidlegare.

– Mange vi ikkje har sett før
Paul Sigurd Sælen på Jernia fortel om mange ukjende ansikt innom butikken i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. juli 2018 07:44

Tysdag fortalde Midtsiden om meir enn ei dobling av gjestar i hamna og på bubilparkeringa samanlikna med tidlegare år. Også turistinformasjonen som Os Travel driv på kaien har hatt stor pågang i starten av sommaren.

Næringssjef Daniel Skotheim håpte at den auka trafikken i hamna også gav auka trafikk i butikkane på Osøyro.

– Det har vore ein god del turistar i det siste. Om det er fordi at vi no er aleine etter at S. Tveit la ned er ikkje godt å si, men det har gått eindel båt- og fiskeutstyr, fortel Paul Sigurd Sælen på Jernia Sælen.

Høg aktivitet trass fellesferie

Sælen fortel at veldig mange av dei som har vore innom er folk dei ikkje har sett før.

– Om det er hyttefolk, båtfolk eller bubilturistar veit vi ikkje, men det har vore bra aktivitet no i sommar. Vi har merkt at det er bra med folk, sjølv om det er midt i fellesferien og mange av osingane som er faste kundar hos oss er på ferie. Vi har mange kundar innom som vi ikkje har sett før, seier butikkeigaren.

Koser seg i varmen

God aktivitet stadfestar også nabo Katrine Brattfjell Heggland hos Nordisk Rom.

– Sommaren så langt har vore ganske grei. Det har vore mange nye kunder i tillegg til dei faste. Det virker som om at folk koser seg på Osøyro og ruslar litt rundt og kikker no når det er sommar og varmt.

– Generelt så opplever eg at det er ein god del turistar som kjem innom. Dei er både norske og utanlandske, men om dei kjem med bil, båt eller på annan måte eller om dei er frå nabokommunane eller lengre vekke frå er vanskeleg å seie, seier Brattfjell Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.