Jakt, fiske og natur | 14. aug. 2021

Nye innbyggarar fekk ein smak av fjorden

Fjorten nye landsmenn fekk seg nokre timar på fisketur.

Nye innbyggarar fekk ein smak av fjorden
Fire makrell og denne seien blei dagens fangst. Afaf var nøgd, og såg fram til middag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. aug. 2021 07:49

Torsdag var MS «Solholm» på fjorden med fleire av dei nyaste innbyggarane i kommunen.

Dei kjem opprinneleg frå land som Syria, Sudan, Sør-Sudan, Eritrea og Kongo.

– Det var veldig kjekt! Vi fekk fire makrell og ein sei, fortel Baraa.

Han kom frå Syria til Noreg for 8 månadar sidan, og snakkar allereie ein del norsk, med Fusa-dialekt.

– Eg fekk makrell! utbryter yngstemann om bord, Oman.

Bilal, Oman og Baraa er nøgde etter fisketuren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilal, Oman og Baraa er nøgde etter fisketuren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kom til Noreg for tre veker sidan

Arild Legland var skipper for dagen.

– Vi heldt oss rundt Sandholmane. Det var kjekt at dei fekk fangst, seier Arild.

Knut Venge og ein kollega hadde med seg i alt fjorten ferske fiskarar.

– Nokre har vore i Noreg nokre år, andre kom for tre veker sidan, fortel flyktningkonsulent Knut Venge.

Bildeserie:

I Os hamn etter nokre timar på fiske utanfor Sandholmane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I Os hamn etter nokre timar på fiske utanfor Sandholmane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dagens skipper på MS «Solholm», Arild Legland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dagens skipper på MS «Solholm», Arild Legland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God stemning då dei klappa til kai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God stemning då dei klappa til kai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fire makrell og seien Afaf viser fram blei dagens fangst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fire makrell og seien Afaf viser fram blei dagens fangst. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Venge (t.v.) fekk god hjelp til å samla saman utstyret etter turen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Venge (t.v.) fekk god hjelp til å samla saman utstyret etter turen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

Får god hjelp av båtklubb

MS «Solholm» er eigd av Vinnesholmen Kystlag. Dei kjøpte den gamle, nordnorske skøyta i 2019.

– Vi er heldige som har Vinnesholmen Kystlag, dei har stilt opp for oss før, seier Venge.

Båtklubben, som driv hamna på Vinnesholmen og leiger ut det vesle huset i friluftsområdet, har fleire mindre flytande element i flåten.

– Vi har også SUP, kajakkar, ein oselvar, ein strandebarmar og ein seksæring bygd på Shetland, fortel formann Roger Hoel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.