Kultur | 27. sep. 2011

Meiner alvor

KingCalling har samla full sal sidan debuten i desember i fjor. No er dei vidare i Noregs største musikkonkurranse.

Meiner alvor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. sep. 2011 09:29

I førre veke blei innleiande runde i Emergenza spelt på Garage. Seks av ti band gjekk vidare, blant dei seks er Myrna Braza og Bone Shakers og KingCalling frå Os.

– 20. oktober er det semifinale på Garage, går vi vidare derfrå blir det finale på Verftet der vi kjempar om å gå vidare til landsfinale på Rockefeller og seinare nordisk finale, seier KingCalling-trommis Giuliano LoMonaco.

– Vil nå langt

Emergenza Music Festival er ein internasjonal konkurranse. 100 utvalte band er med i Noreg, på verdsbasis skal det vera rundt 100.000 band som kjempar om å spela verdsfinale under den store rockefestivale Open Air i Tyskland i 2012. Bandet som vinn får europaturné i premie.

– Det er sjølvsagt mange gode band med, men vi har ambisjonar om å nå langt i denne konkurransen. Vi fekk ein god start som band og har blitt endå betre. No jobbar vi målretta både for å å førebu oss på å gje ut EP i vinter og for å få spelt for flest mogleg.

– Vi meiner alvor med dette. Alle er samkjørte, alle deltar i låtskriving og vi øver i rockeklubben to gongar i veka. Vi trur ikkje vi skal bli Metallica over natta, men vil sjå kor langt vi kan ta det, seier trommisen, og legg til at han synes Os Rockeklubb er eit supert tilbod for musikarar i alle aldrar.

Fullt hus med konkurrerande opningsfest

KingCalling blei oppretta i november i fjor. Giuliano LoMonaco (trommer) og Morten Torkildsen (gitar) spelte saman i eit band som gjekk i oppløysing og huka tak i vokalisten Eirik Søfteland.

– Frå start har vi spelt eigne låtar, eg og Morten hadde ein del materiale liggande, så dei første låtane snekra vi fort saman.

Og starten kom brått på, fredag 17. desember i fjor, den same kvelden som nattklubben Irish Cat hadde opningsfest, debuterte KingCallling ved å varma opp for eit nesten like fersk søftelandsband; Bone Shakers. Dette var på Bar2Be.

– Sjølv om Irish Cat hadde ein vellukka og folksam opningsfest hadde vi fullt hus på Bar2Be. Det blei ein knallgod kveld og ikkje den siste kjekke spelejobben i Os, seier LoMonaco.

Jubileum og sololøp i USA

Sidan desember 2010 har KingCalling blant anna spelt på 30-årsfesten til Os Rockeklubb i februar, på Kvarteret, på Garage og på Søfteland Rock N LoL no i sommar.

– Rock N LoL var fantastisk, sjølv om vi spelte tidleg på kvelden. Tilleggsscenen i teltet fungerte glimrande og publikum var i fyr og flamme. Vi får veldig fine tilbakemeldingar, det er inspirerande.

Til spelejobben på Kvarteret måtte Kjetil Grønvigh steppa inn som trommis. LoMonaco var nemleg på turné i USA med ein annan artist.

– Eg tok meg ein avstikkar og spelte 41 konsertar med David Alonso. Vi varma blant anna opp for Kopek og Hinder. Hinder har blant anna gjort suksess med hit-en «Lips of an Angel» i Noreg, fortel Giuliano, som har italiensk far og er amerikansk statsborgar, men har budd i Noreg sidan han var 4 år.

Ny gitarist og ny bassist

Giuliano kom heim igjen til Noreg 1,5 veke før Rock N LoL. Plenty med tid til å øva på, ifølgje han sjølv. Etter festivalen blei to av musikarane opptatt med andre ting, men erstattarane har ikkje gjort KingCalling verre.

– Vi har vore veldig heldige. Osingen Leif Herland (bass) har turnert i Tyskland med Sworn og fusingen Espen Austestad, som har fersk plate i hyllene med bandet Jarle H. Olsen, er kanskje Noregs største gitartalent, skryt trommisen.

– «Dåke var kule før, no er dåke gjennomført kule» sa Rock N Lol-sjef og Bone Shakers-trommis Andreas Lindborg til oss etter konkurransen på Garage no i veka som var.

Første band i «Studio Allakten»

Bassist Leif blei kasta rett i studio utan øving.

– Leif er utdanna lydingeniør og måtte både ta seg av det tekniske og læra seg låtane i same slengen. Vi trengte nokre digitale referansar, så det hasta litt med å få låtane på nett, forklarar LoMonaco om hastverket.

No ligg to av KingCalling sine låtar på Spotify, iTunes og på Facebook-sida deira.

– Låtane er gode nok, men ikkje 100 prosent. Vi har blitt tightere dei siste månadane og har planar om å spela inn EP i vinter. Vi håper på å ha den klar i februar, til den har vi også Austestad med, seier Giuliano LoMonaco.

Men først står to spennande jobbar på Garage for tur.

2 x Garage

– Før semifinalen 20. oktober får vi ein rein Os-kveld på Garage med fire band frå Os laurdag 8. oktober.

Warfart, KingCalling, Bone Shakers og Neoplasma speler når Os Rock City goes Garage.

– Det er kjekt om det kjem mange frå Os denne kvelden, men det er like kjekt om fans tar turen til Garage også når vi og Bone Shakers skal spela semifinale 20. oktober. Det er stemmene frå salen som avgjer kven som går vidare til finalen på Verftet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.