Båt og sjøliv | 15. juni 2023

Badetemperaturane kjem seg

Éin grad forskjell på Ervikane og Os.

Badetemperaturane kjem seg
Varmare inne i fjorden enn ute i vest. (Kart: havvarsel.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juni 2023 14:13

Bjørnafjorden kommune slutta etter 2020 å måla både islagte vatn om vinteren og temperaturen i fjørene gjennom sommaren.

Men 1. juli blei ei ny teneste lansert; havvarsel.no.

– Dette er mulig fordi temperaturen er simulert ved hjelp av avanserte straummodellar, forklarde Mari Myksvoll, oseanograf ved Havforskningsinstituttet, då havvarsel blei lansert.

Med ei veke med temperatur over 20 gradar, i går og i dag på rundt 25, har det byrja å nærma seg noko i sjøen òg.

I dag viser varselet blant anna desse temperaturane:

Ervikane 18 gradar
Osøyro 19 gradar
Bergen 19 gradar

Vêrmeldinga for Os er varm også i dagane som kjem.

Det er meldt 25 gradar både fredag og laurdag, 22 gradar søndag og 24 gradar måndag.

Men Yr og Storm er usamde om kor skya det skal bli, og begge melder utover i veka. Storm melder regn allereie måndag, Yr tysdag og begge onsdag.

Det er likevel sjanse for ein tørr sankthansaftan, langtidsvarselet seier foreløpg opphaldsvêr, kanskje solgløtt på kvelden og rundt 18 gradar.

I fjor hadde vi ein uvanleg varm dag, rundt 30 gradar, på sankthansaftan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.