Politi | 18. mai 2022

Mistenkt for promillekøyring på Søfteland

Mann i 40-åra blei stoppa av UP.

Mistenkt for promillekøyring på Søfteland
UP hadde kontroll på Søfteland 16. mai. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mai 2022 06:35

I helga var det ein del festrelatert bråk, men feiringa i går blei fredeleg i Os.

Også natt til 16. mai skal ha vore utan hendingar, men frå dagtid måndag har politiet eit notat.

– UP hadde åtferdskontroll på Søfteland i 12-13-tida, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Ein av dei som blei kontrollert bles til over lovleg verdi i alkometer.

– Vedkomande, ein mann i 40-åra, blei køyrd til legevakt for blodprøve. Det er oppretta sak på forholdet.

Politiet tok beslag i førarkortet, noko bilførar samtykka i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.