Brann og beredskap | 06. sep. 2022

Mistenkte gasslekkasje

Vitne frykta at det var folk i vogna.

Mistenkte gasslekkasje
Brannvesenet sjekka om det var folk i vogna, og var blant anna på taket. Så kom stadfestinga frå politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitirsdag 06. sep. 2022 13:15

Bjørnafjorden brann og redning rykte saman med ambulanse ut til melding om gasslekasje i ei campingvogn på bubilparkeringa på Steinneset.

– Vitne på staden hadde høyrd ein gassalarm gå av, men fekk ingen kontakt då dei banka på, seier utrykningsleiar i Bjørnafjorden brann og redning, Morten Moberg.

Vitnet fortel at ho reagerte på alarmen, og på at ingen andre gjorde noko.

– Eg var i Steinnesetfjøra for å bada, og tenkte først at nokon ville slå alarmen av. Då eg kom opp igjen frå sjøen ville eg sjekka det ut, og då sto det fleire i ring rundt vogna, men ingen hadde varsla, fortel Lene Sperrevik.

– Vi har sjølv vore på tur med campingvogn, og då eg kjente igjen alarmen frykta eg jo at det var folk i vogna.

Brann og redning møtte politiet på staden.

Politiet hadde fått tak i eigar og fekk bekrefta at ingen var i vogna

Det var ingen utslag på gassmåling.

– Det må ha vore ein veldig følsom alarm, seier Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.