Fotball | 24. mai 2023

Myrlid debuterer frå start for Brann i kveld

Del av startellevaren i dagens cupkamp.

Myrlid debuterer frå start for Brann i kveld
Elias Heggland Myrlid, her for Brann 2 i 2021, får sin første kamp for A-laget i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mai 2023 15:09

Når Frøya i dag tar imot Brann til første runde i NM, møter dei goalgetter Elias Heggland Myrlid frå Os.

Han har til no skåra 37 mål på 38 kampar for Brann 2.

I vår blei han lånt ut til Kristiansund. Der debuterte han i OBOS-ligaen med tre innhopp.

Men i mai blei han henta tilbake igjen til Brann.

Han fekk debuten sin for fullsett Stadion 16. mai, mot Stabæk, då han i 82. minutt kom innpå for Bård Finne.

Myrlid var på benken i cupfinalen i Oslo laurdag, som ubrukt reserve. Der var han òg då A-laget kjempa om å berga plassen i Eliteserien på tampen av 2021.

Dagens motstandar, Frøya, som altså møter regjerande noregsmeister, landa på 10. plass i Os si avdeling i Norsk Tipping-ligaen i fjor.

Kveldens kamp blir sendt blant anna på BA, BT og truleg med høgdepunkt på NRK.no og NRK 2 si sending frå cupen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.