Lokal | 09. juni 2016

Naboane vann fram

Plan- og bygningsutvalet godkjenner fleire bueiningar i Solstrandsvegen om EF-blokka blir redusert frå fire til tre etasjar.

Naboane vann fram
Steinar Birkeland argumenterte på vegne av naboane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. juni 2016 18:35

Solstrandvegen AS ønskja å utvida den godkjente reguleringsplanen frå 50 til 65 bustadar og å auka høgda på dei øvste husværa langs Hatvikvegen til kote 71,5.

Dette tykte ikkje naboane særleg om og argumenterte under torsdagens synfaring for å seinka blokkene.

– Dei ligg på ei høgde. Det heiter ikkje Hauge her av ingen grunn. Dei vil bli skjemmande og skrika i landskapen, sa Steinar Birkeland på vegne av naboane som òg hadde illustrert høgda ved å henga opp ein ballong på høgda dei meinte blokkene ville få.

– Ein betre plan

Bjørn Atle Drange frå ABO Plan og Akitektur argumenterte på vegne av tiltakshavarane at dei hadde kome innspela i møte og at det nye prosjektet ville ha ei mykje betre løysing enn den allereie godkjende planen.

– Fotavtrykket er mindre enn i den opprinnelege planen. Vi har snudd på D-blokka for å imøtekoma naboane i A-blokka. Vi har trekt EF-blokka nærmare Hatvikvegen for å få betre avstand til naboane og få eit betre uteområde, vi har parkering under EF og unngår mykje trafikk med det. Vi har fått til eit felles boss-anlegg ved innkøyrsla til området slik at det blir eit meir trafikksikkert område ved at bossbilen ikkje treng køyre inn i området, argumenterte Drange.

– Vil vera skjerma

Tilbake i møtesalen fekk Tom Arne Olsen, prosjektleiar for Solstrandvegen AS presentera endringane i reguleringsplanen i meir detalj og peika mellomanna på at trappehusa ville vera i glass slik at det blei eit gjennomsyn.

– Desse skiller mellom dei sju lamellane. Det blir difor ikkje eit sammanhengande bygg som det blir hevda.

– Vi meiner det ikkje blir veldig ruvande. Hatvikvegen stig oppover, den slutter heller ikkje å stige når siste huset er passert. Carportane vil dekkje ein og ein halv etasje av bygget. Med beplantning vil det gje eit inntrykk av at bebyggelse som ligg bak ein vegetasjon, argumenterte Olsen, som var tydeleg på at om ein ikkje fekk utvida opp mot 65 bueiningar så var det ikkje økonomi i prosjektet ut frå dagens marknad. Utbyggjaren ønska ei større grad av variasjon i leilegheitsstørrelser.

Var det planlagt?

Fleire av politikarane stilte allereie ved 1. gangshandsaming spørsmålsteikn med om bygginga av 36 husvære i 1. trinn for så å søke ei omregulering var kalkulert frå utbyggjaren.

– I forhold til at man planla ein totalpakke på dette og satte i gang med å byggje, vel vitande om at det resterande talet i antall leilegheiter ikkje stemmer med planen. Kvifor gjorde man det, undra Terje Sperrevik (TvS).

– Det var heilt naturleg å byrje med A, B og C. Når det blei gjennomgått, så ville 36 leilegheiter med dei varierte størrelsene vera det rette for prosjektet. Då var det berre 14 igjen. Det kunne ein løyse med å berre bygge ein av dei resterande bygga, eller så kan ein gjera med det vi no foreslår ved å løfte talet på einingar. Det er ikkje spekulasjoner slik nokre hevder. Vi har vald å gå gjennom ein krevande reguleringsprosess kor vi forsøker å få endra på totalen, svara Olsen.

– Eg klarer ikkje heilt å fange planen og føler meg litt ført bak lyset. Eg føler ikkje det er eit godt nok svar, repliserte Sperrevik.

Kva med å kutte ein etasje?

Harald Døsen (Ap) følgde opp.

– Slik eg ser det hadde det vore meir ryddig å stoppe utbygginga og laga ein ny reguleringsplan, slik som dei gjorde på Lientomta. De burde ha stoppa opp og laga ein ny plan.

– Ankepunktet til naboane er etasjetalet. Kva tenkjer de om å gå naboane i møte ved å redusera frå fire til tre etasjer på dei fem nærast skogen. Altså ta dei vekk på EF, supplerte May Britt Haringstad Mjøs.

– Det er for mykje. Det vil drepa prosjektet både arkitektonisk og økonomisk og vera øydeleggande for prosjektet. Vi kan kanskje vera med på å diskutera dei to øvste, svara Olsen.

– Veldig mange sitter med ein følelse av at det er ein etasje for høgt. Den nye planen har gode element i seg, men høgden gjer det vanskeleg for oss å svelgje den. Man snakker om eit arkitektonisk uttrykk, men for meg er det for høgt, kommenterte Trine Lindborg (Ap).

– Det de seier er ta vekk 600 kvadratmeter bustadflate og reduser til 58 leilegheiter. Det går ikkje. Nokre seier ta vekk dei fem oppbygga. Vi kan diskutera dei to øvste. Det kan vera eit kompromiss og vera arkitektonisk akseptabelt, svara Olsen.

Sjølv om Olsen på vegne av utbyggjerane påpeika at det ikkje var aktuelt å redusera høgda, så var det nettopp det politikerane endte med.

Frp foreslo å fjerna dei fjerde etasjen på dei to øvste lamellane. Resten av utvalet stilte som krav at heile EF-blokka skulle senkast med ein etasje. I tillegg skal nabotomta ikkje byggast ut med ein tomannsbustad. Talet på antal leilegheiter kan aukast får den godkjende planen.

Saka skal no til kommunestyret, om ikkje tiltakshavar vel å trekkje den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.