Kultur | 07. nov. 2019

Næringsrikt snadder - frå hobby til butikk

Frå august leiger ho eige storkjøkken, i førre veke fekk «Siw Raw» sin første, faste utsalsplass.

Næringsrikt snadder - frå hobby til butikk
Desse kakene er truleg meir næringsrike enn det du åt til frukost i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2019 10:31

Siw Bugge Gjerdevik Kolstad jobbar som lærar i faget mat og helse ved Nore Neset ungdomsskule.

Ho tok først utdanning innan ernæring, seinare som kokk.

• Videoreportasje: Styrka skulekjøkkenet med meir næring (2017)

Dei siste seks åra har ho hatt spesielt stor interesse for næringsinnhaldet i rettane, også når det kjem til kaker og dessertar.

– Utgangspunktet var personleg interesse. Eg har fleire i familien som ikkje toler gluten, og sjølv er eg glad i kaker og dessertar, men opptatt av å prøva å leva litt sunt.

Resultatet blei fokus på mat utan gluten, sukker og laktose. For tre år sidan starta ho cateringfirma med namnet «Mat fra hjertet», som ho driv på deltid.

– Eg opplever at det er mange som bryr seg om kva dei et, at dei vil ha det sunne også når dei skal kosa seg, anten det er vegansk eller ikkje, mange vil ha i seg god næring.

Fruktbart samarbeid i Bjørnefjorden Matkultur

I slutten av august heldt ho foredrag om fermentering for Os Hagelag, i oktober var ho nok ein gong ein av kokkane som lagde Det store Bjørnafjordenmåltidet i Oseana.

Der delte ho kjøkken med blant andre Havnechefen.

– Vi var i samtalar då dei skulle etablera seg i nybygg på torget, og vi deler interesse for filosofien til den kjente legen og forfattaren Berit Nordstrand, som dei då var i dialog med.

Fyller disken hos Havnechefen

Med bakgrunn frå helsestudioet Cha-Zet, og som Herbalife-distrubutør, er Reidun Vasby hos Havnechefen heilt på nett med Siw sitt råe repertoar.

– Eg lager nokre tilsvarande dessertar og kaker av og til, men for å få eit stabilt, godt utval på sunne smårettar og kaker vil vi no kjøpa dette inn frå «Siw Raw».

Både Reidun og Siw har hatt sine turar innom den svært populære restauranten Oslo Raw, når dei har vore i hovudstaden.

– Vi kan ikkje rekna med kø ut døra i vesle Os, men vi ser at marknaden er bra og osingane er oppdaterte i matvegen. Alt blei selt ut då varene kom i hylla i førre veke, og vi måtte ha påfyll same dag. Nokre tar det som dessert, andre er innom og kjøper det med seg som ein rask og sunn minilunsj, fortel Reidun.

– Det er kjekt at det fungerer også lokalt. Også mange av råvarene er lokale, som rips frå Bjørnafjorden Hotel, bringebær frå Monsatufto og hokkaidograskar frå Hålandsdalen, fortel Siw.

I august fekk ho leigekontrakt på kjøkkenet i Tveit-familien sitt selskapslokale over 7-Eleven. Men trass auka satsing ser ho for seg å halda fram på skulen.

– Det er kjekt å laga mat sjølv, men eg er også glad i lærarrolla og i elevane. Eg jobbar i 70 prosent stilling, så det går fint å driva catering og levering til fast utsalsstad utanom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.