Lokal | 09. des. 2016

Når kan brua koma?

E39 Stord-Os: Vegvesenet har foreslått oppstart i 2024. Om Stortinget framskyndar det i NTP-en vil løysinga bli endeforankra flytebru over Bjørnafjorden.

Når kan brua koma?
Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden, presenterte dei tre alternativa dei har for bruløysing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. des. 2016 09:51

Statens vegvesen med prosjektleiar Signe Eikenes og prosjektleiar for bru over Bjørnafjorden, Kjell Håvard Belsvik presenterte på eit folkemøte i Oseana torsdag kveld grunnlaget som ligg ute for høyring av framlegget til den statlege kommunedelplanen for E39 Stord-Os.

– Vi er på eit overordna nivå no, og har ikkje optimalisert veglinene. Det plassar vi må sjå nærare på, til dømes i Søre Øyane, når vi kjem i neste planfase. Vår tilråding ligg der, så er det viktig at de kjem med dykkar høyringsinnspel før det blir opp til Kommunal- og moderniseringsdepartementet å seie kva resultatet skal bli, innleia Signe Eikenes.

Har forkasta røyrbru

Tilrådinga og høyringsuttalelsane vil ligga til grunn for den tilrådinga Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjev i samband med Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029, som stortinget handsamar til våren.

– I oktober fekk vi ei stadfesting frå styringsgruppa at røyrbru er lagt til sides grunna kostnadane. Då står vi att med tre ulike løysingar som alle er realiserbare, forklarte Belsvik.

Nær 5 km lang

Dei tre er to variantar av flytebru kor den eine er forankra i endene (slik som Nordhordalandsbrua, journ.mrk), den andre er sideforankra i havbotn og den siste varianten er ei fleirspenna hengebru med to flytande tårn i fjorden.

– Brua er nær fem kilometer lang, litt avhengig av kva løysing som blir vald. Det har aldri vore bygd før i verda. Vi meiner det skal vera mogleg å få til alle tre løysingane. Endeforankra flytebru ligg som tilråding i framlegget fordi den er meste uavhengig av grunntiløva i fjorden, fortalde Belsvik.

Kan starta "i morgon"

Den endeforankra løysingen er nær sagt byggjeklar.

– Endeforankra flytebru vil gå i ei boge og vera uavhengig av fjordbotn. Den vil få ei seilingsled på 400 x 45 meter og ligga på flytande potongar på omlag 70x30 meter. Med den løysinga vi har no, vil den ha opp mot 120 000 tonn stål i veglegemet, til samanlikning vil ei sideforankra bru ha mellom 70 og 80 000 tonn stål. Mengda stål er viktig og vi prøver å få den ned, men samstundes behalde robustheiten.

– Ei endeforankra bru er klar om stortinget seier vi skal byggje i morgon eller i overimorgon, sa Belsvik.

NTP-en styrer valet

Prosjektleiar Signe Eikenes forklarte at uavhengig av brutype vil ein legga tilrette for gåande og syklande skal kunne kryssa fjorden.

– Kortid det skal byggast er eit spørsmål om når den blir lagt inn i NTP-en. Kjem den inn i den første fireårsperioda, så blir det endeforankra flytebru. Kjem den inn i dei siste åtte åra, så har vi meir tid på oss til å gjera valet.

Planlegg mot oppstart i 2024

På spørsmål frå Egil Haugland i folkeaksjonen mot bru om når Eikenes trudde den ville komma inn i NTP-en svara ho at dei i grunnlaget dei har levert, så ligg det oppstart i 2024.

– Om de skal tippe kor stor prosentvis sannsynlegheit er det for at den skal koma i dei første fire eller siste åtte i NTP-en, undra Haugland.

– Det veit eg rett og slett ikkje. Vegvesenet har saman med Avinor, Jernbaneverket og Kystverket levert eit grunnlag. I det ligg det oppstart i 2024, så er det opp til politikarane å påvirke innstillinga frå departementet. Eg kan seie såpass at dei blei litt sure på Møre når Hordfast var prioritert før Møreaksen, så det har nok vore politiske påverknader der oppe allereie. Korleis det endar tørr eg ikkje spå, svara Eikenes, som blei supplert av ordførar Terje Søviknes.

– Prosentvis sannsynlegheit for dei første fire eller siste åtte veit eg ikkje, men det er tilnærma lik 100% at den er med i 12 årsperioden.

Sjå òg Midtsiden si samleside for E39 Hordfast

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.