Politi | 14. sep. 2022

Vegvesenet tok ei pedagogisk økt med unge MC-førarar

70-80 prosent hadde tekniske manglar.

Vegvesenet tok ei pedagogisk økt med unge MC-førarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. sep. 2022 13:23

For knappe to veker sidan hadde Statens vegvesen kontroll i Industrivegen med fokus på tohjulingar.

Fire av dei fekk køyreforbod av same årsak, ein moped blei testa til 85 km/t i toppfart.

Nokre av mc-ane som blei kontrollerte i Industrivegen i dag. (Foto: Statens vegvesen)
Les ògSjekka tohjulingar - fann ein del å reagera på

I dag var vegvesenet utanfor Os vgs på kontroll. Og samtale.

– Det kjem inn klagar på lette motorsyklar som støyer til alle døgnets tider. 70-80 prosent av syklane vi kontrollerte i dag hadde tekniske manglar, opplyser Lars Harald Drange i rapporten frå kontrollen.

Det blei skrive ut berre eitt gebyr og delt ut to mangellappar. Men fleire kan få reaksjonar.

– Skal vi få slutt på alt det innmeldte bråket frå motorsyklane, må ei rekkje av dei bli kalla inn på utvida kontroll.

Drange reknar med at nærmare 30 syklar kan bli kalla inn.

Her er nokre av vegvesenet sine bilde frå kontrollen:

Bildeserie:

(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
1 av 5
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)
(Foto: Statens vegvesen)

Kontrollørane samla mc-førarane til samtale og repetisjon på kva reglar som gjeld. Også nokre lærarar og folk som ikkje eig sykkel var publikum.

– Vi fekk en god kontakt med ungdomane og vi opplever at vi fekk vegleia dei på ein positiv måte.

Blant feil som går igjen er ikkje-godkjente bremsehendlar og spegl, skilt som er vinkla opp og støypempar i eksosanlegg som er fjerna.

Nokre av motorsyklane hadde svært dårlege dekk.

– Å køyra utan støydemping medfører køyreforbod, å køyra med kjenneteikn vinkla meir enn 30 gradar blir det gebyr på 3000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.