Reise og turisme | 15. sep. 2021

Nina Askvik blir regionsdirektør for Scandic

Overtar ansvaret for 16 hotell på Vestlandet.

Nina Askvik blir regionsdirektør for Scandic
Askvik har vore hotelldirektør i 20 år, seinast Scandic Ørnen i Bergen. No blir ho regionsdirektør. (Foto: Scandic)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. sep. 2021 08:21

– Vi rustar oss for fremtida, seier administrerende direktør i Scandic Norge, Asle Prestegard, i samband med at hotellkjeda har vore gjennom ein grundig prosess for å rekruttera nye distriktsdirektørar.

Håvard Solum blir direktør for distrikt øst, Magne Jacobsen blir direktør for distrikt Oslo og Nina Askvik tar over som direktør for distrikt vest etter nettopp Asle Prestegard.

Frø Ørnen til heile regionen

Askvik er frå Os og har lang fartstid i bransjen, dei siste 20 åra som direktør for fleire ulike hotell.

Ho hadde hotelldirektørstillingar i både Choice og Radisson før ho overtok ansvaret for Scandic Ørnen i 2019. No går Askvik vidare i same kjede som regionsdirektør.

Får ansvar for 16 hotell

– Eg kjenner marknaden godt og har eit stort nettverk i Bergen eg kan nytta meg av. No ser eg fram til å bli betre kjent med menneska og produkta vi har i distrikt vest, seier Nina Askvik i ei pressemelding.

Hun tar over ansvaret for 16 hotell i Bergen, Stavanger, Haugesund, Voss og Sunnfjord.

– Det er viktig for meg å vera ein leiar som er tett på, og som kan inspirera og bidra til at hotella våre leverer gode resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.