NM: Har sett saman eit J16-lag
Spelarar frå fire ulike lag speler saman mot tøff motstand i NM-kvalik på Kuventræ torsdag.

Mens Os sitt damelag så vidt er i gang med treningskampar har Os jenter 16 NM-kvalifisering førstekomande torsdag.
Jenter 16-klassen har ikkje seriespel i Hordaland, men Os har sydd saman ein tropp frå heile fire ulike lag.
– Vi har spelarar frå 13 til 16 år med erfaring frå J14, J15, J17 og senior, ganske jamt fordelt. Her blir det mange flinke og ivrige jenter på banen, fleire av dei yngre blir nok også å sjå på damelaget utover i sesongen, seier Ørjan Sandal.
Sandal trener damelaget og leiar J16 i NM.
Sandal har tidlegare leia Nore Neset J17 (2003-årgangen i 2020) til finalesiger i Adidas Cup. Adidas Cup blir ofte kalla vunne uoffisielt NM, då det ikkje blir arrangert NM i 17-årsklassen.

No er det jenter 16 og spelarar ned i 13-årsalderen han skal leia i kamp.
Motstandar i første kvalifiseringskamp er Voss.
– Voss skal vera storfavoritt, så det kan bli ei tøff utfordring, seier Sandal.
– Vi har ikkje fått trent saman, desse jentene trener mykje og er ein del opptatt frå før.
– Men vi fekk ein treningskamp før jul og ein etter. Dei klarte seg fint og tok ein knapp siger i begge.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.