Fotball | 15. jan. 2023

Spelte treningskamp mot nyopprykka lag

Os tok imot Bjarg til vinterens første treningskamp.

Lenea Hjelle Fløysand skåra eitt av måla til Os i går. Her heime mot Klepp i fjor, ein kamp som enda 2-3. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. jan. 2023 09:45

Os sitt damelag spelte i går sin første treningskamp for vinteren.

Motstandar var Bjarg.

Kampen enda 2-1.

Lenea Hjelle Fløysand og Tina Skogedal skåra ifølgje Sportskollektivet Os sine mål.

Os rykte i haust ned frå 2. divisjon, Bjarg rykte opp frå 4. divisjon.

Dei to møter kvarandre i den einaste 3. divisisjonsavdelinga i Hordaland komande sesong.

Avdelingsoppsettet blei publisert i slutten av november.

Her er 3. divisisjon Hordaland 2023:
Arna-Bjørnar 2
Bjarg
Bremnes
Fana
Fyllingsdalen 2
Loddefjord
Lyngbø
Os
Sotra
Stord
Voss
Åsane 2

Voss vann 3. divisjon i fjor, men rykte ikkje opp. Sotra og Lyngbø kom på dei neste plassane.

Stord hamna sist i Os si 2. divisjonsavdeling i fjor, også Loddefjord og Arna-Bjørnar 2 rykte ned saman med Os.

Terminlista for 2023 er i skrivande stund ikkje publisert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.