Os Fotball dame | 26. juni 2021

NM-kvalik avgjort på straffekonk

Damelaget sendte sine 11 yngste spelarar i NM-kvalik J19.

NM-kvalik avgjort på straffekonk
På veg til kamp, utan innbytarar. Andrine B. Kvittingen (midten) sendte Os rett i føringa. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. juni 2021 08:42

Os/Nore Neset sitt damelag tel rundt 20 spelarar, men berre 12 av dei er unge nok til å spela i J19.

– Vi meldte dei på i NM likevel, så dei skulle få seg ein kamp eller to, seier trenar Ørjan Sandal.

Då kampdato nærma seg var ein av spelarane skadd. Fleire andre har vore ute med skade i fleire månadar, men stilte likevel.

– Laget har ikkje keeper heller. Vi skulle helst hatt Ingeborg Hernes Leonsen i forsvaret, men måtte ha nokon i mål. Og der klarte ho seg veldig bra.

Motstandar var Gneist, som er heilt i tet i 1. divisjon jenter 19.

Os - Gneist 1-1 (1-0), 4-5 etter straffekonk
Målskårar, Os: Andrine Brunvatne Kvittingen
Os: Ingeborg Hernes Leonsen, Helene Søviknes, Thale Strønen Skeie, Kine Ullensvang Moland, Tuva Berge, Gjertrud Toppe Håvardstun, Lenea Hjelle Fløysand, Karoline Louise Østgulen Hevrøy, Andrine Brunvatne Kvittingen, Agathe Cöllestine Lekven og Inger Christine Zhen Foldrup

Dei yngste jentene på damelaget fekk torsdag spela J19-kamp. (Foto: Os Fotball)
Dei yngste jentene på damelaget fekk torsdag spela J19-kamp. (Foto: Os Fotball)

Os gjekk opp i leiinga på skåring av Andrine Brunvatne Kvittingen i andre speleminutt. Gneist utlikna ikkje før i starten på 2. omgang.

1-1 heldt seg kampen ut og gjennom ekstraomgangar, dermed både kvalifiseringsrunden avgjerast med straffespark-konkurranse.

Os skåra på 3 straffar, Gneist skåra 4 og kampen enda 4-5.

– Vi spelte med litt lågare tempo enn vanleg, i forsøk på å spara på kreftene. Det fungerte bra, og eg synest ikkje at våre jenter såg meir slitne ut enn gjestane utover i kampen, seier Sandal.

Han synest laget klarte seg veldig bra mot sterk motstand.

– Det var ikkje så mange sjansar, men det var fleire store begge vegar, og kampen var heilt open frå start til slutt.

Måndag er det treningskamp for damelaget. Den går mot Bergen Nord frå 4. divisjon. Seriestart er nest siste helga i august.

– Vi har Gneist sitt damelag i serien, det blir kjekt å møta dei igjen, seier Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.