Næringsliv | 27. juli 2021

Ny brønnbåt vekker oppsikt i Fusafjorden

MS «Horda Pioneer» kan frakta 450 tonn levande laks.

Ny brønnbåt vekker oppsikt i Fusafjorden
Horda Pioneer på veg forbi Solstrand søndag. Brønnbåten er framleis i Fusafjorden. (Lesarbilde, foto: Eirik Walle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juli 2021 09:25

Dei siste dagane har ein ruvande brønnbåt segla rundt i fjorden, og den er her enno.

Den 77 meter lange «Horda Pioneer» blei levert av Aas Mek Verksted i juli i fjor.

«Horda Pioneer» har ein lastekapasitet på 3.000 kubikk og kan frakta 450 tonn med levande laks.

Den er 76,96 meter lang, 17,80 meter brei og er innreidd for mannskap på 12.

Midtsiden har ikkje lykkast med å nå eigar for informasjon om oppdraga dei er på i Bjørnafjorden kommune.

Båten driv primært med transport, logistikk og behandling av laks og aure for aksjonærane, men er også tilgjengeleg for spot-marknaden.

Eigar er Hordalaks Holding AS, eit holdingselskap som også blei til etter fusjon i fjor sommar. Ingebrigt Gunnar Landa er dagleg leiar, Øyvind Blom er styreleiar.

Selskapet er eigd av Kerko Shipping AS, KF oppdrett AS, Blom fiskeoppdrett AS, Fylkesnes fisk AS, Fremskridt laks AS og Engesund fiskeoppdrett AS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.