Av bebygd areal utgjer bustadar under halvparten. (Illustrasjon: SSB.no)
Av bebygd areal utgjer bustadar under halvparten. (Illustrasjon: SSB.no)

Nye illustrasjonar over arealbruken i Bjørnafjorden

Kor mange bustadar er det i kommunen - og kor stor del er skog?

Kjetil Vasby Bruarøy
12. juni 2020 - 12:13

Mens politikarane i Bjørnafjorden kommune er i sluttfasen av behandling av arealplanen (kommunedelplan, areal, KDPA), har Statistisk Sentralbyrå publisert ein første versjon av «indikatorer for arealprofiler».

Dei fleste av indikatorane er baserte på eksisterande statistikk, men er her samla på ei felles plattform.

Bjørnafjorden kommune

  • Folketal (1. kvartal 2020): 24.965
  • Kommunen sitt totale areal: 517,41 km2
  • Befolkningstettleik 51 innbyggarar per km2 (snitt i Noreg; 13,93)
  • Andel som bur i tettstad 76 %
  • Mengda bustadar: 10.969
Kor mange innbyggarar per aldersgruppe? Menn og kvinner ligg ganske likt fram til dei er 80 år gamle. (Ill.: SSB)
Kor mange innbyggarar per aldersgruppe? Menn og kvinner ligg ganske likt fram til dei er 80 år gamle. (Ill.: SSB)

Nokre av indikatorene er òg nye, blant anna fleire indikatorar relatert til bustad og næringsbygg, avstand til sentrumssoner og arbeidsplassklynger, og andelen av befolkninga som jobbar i kommunen sitt hovudssentrum. 

– SSB ønskjer saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet å videreutvikla profil-sida og justera innhold etter behova for beslutningsgrunnlag i overordna kommunal planlegging. Innspel til vidareutvikling og justeringar er derfor velkomne, skriv SSB.no.

Over 1500 hytter

For kommunar som nyleg er slått saman, som Fusa og Os til Bjørnafjorden, er det nokre data og figurar som manglar. SSB seier dette blir retta opp i etterkvart som dei samlar inn statistikk for dei nye kommunane.

Blant statistikk som manglar for Bjørnafjorden kommune er fritidsbustadar, landbrukseigedomar og potensielt tilgjengeleg strandsoneareal.

Nokre av desse tala, om ikkje heilt oppdaterte til 2020-nivå, finn du i vår sak «Bjørnafjorden kommune i tal» frå oktober 2017. Den vider blant anna at det var 733 (Fusa) + 785 (Os) fritidsbustadar i kommunane 2-3 år før samanslåing.

Under følgjer to andre ferske diagram for Bjørnafjorden kommune.

Nesten tre firedelar av bustadane i kommunen er einebustadar. (SSB)
Nesten tre firedelar av bustadane i kommunen er einebustadar. (SSB)

 

Mesteparten av det ubebygde arealet er skog. (SSB)
Mesteparten av det ubebygde arealet er skog. (SSB)