Kultur | 10. mars 2024

Nytt artistslepp til Tysnesfest

– Det vert ei uforgløymeleg avslutning på festivalen.

Nytt artistslepp til Tysnesfest
Inger Lise Hope. (Pressefoto)
Elin Johnsen
Elin Johnsensøndag 10. mars 2024 20:15

Tysnesfest er stolte over å kunngjera at Inger Lise Hope gjer ein eksklusiv konsert i Kulturkyrkja på Onarheim.

– I unikt samarbeid med Kulturkyrkja vert det ei uforgløymeleg avslutning på festivalen, melder festivalsjef Øystein Vaage.

Hope har spelt fleire konsertar på Mandelhuset.

I 2024 er ho òg å finna som deltakar på musikk programmet «The Voice».

– Vi har stor tru på at ho vil skina på scena gjennom programmet, og det gler oss derfor ekstra mykje at ho skal avslutta ballet på Tysnesfest søndagen, fortel Vaage.

Inger Lise Hope har begeistra publikum gjennom heile si karriere med si klokkeklare stemme og ekstraordinære formidlingsevne.

Frå å smelta hjarter på utallige scener til å spela hovudrolla som Belle i Disney musikalen "Skjønnheten & Udyret" og Maria i "Sound of Musiv", har ho vist seg som ein svært allsidig og dyktig songar.

Hittil er følgande artistar lanserte til Tysnesfest 2024:

Fredag 12. juli: Åge og Sambandet, Carola, DDE, Hellbillies og Fay Wildhagen.

Laurdag 13. juli: Sondre Justad, Matoma, Nico & Vinz, Michelle Ullestad og Lille Venn

Søndag 14. juli: Inger Lise Hope

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.