Bjørnafjorden kommune | 24. mai 2023

Nytt veterantreff på Peppes

– Eg er spent på om fleire politikarar dukkar opp denne gong.

Leiar i NVIO Bergen, Bjørn Arne Braathen (nede t.v.) saman med nokre av dei som møtte på Peppes i februar. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. mai 2023 14:14

I Bjørnafjorden kommune sitt arbeid med å laga ein veteranplan, har NVIO Bergen, med leiar Bjørn Arne Braathen frå Os, vore ein sparringspartnar.

Fredag 3. februar hadde NVIO Bergen (Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner) saman med kommunen ope møte på Peppes Pizza på Os.

Eva-Mari Solberg, som held på å forma veteranplanen for Bjørnafjorden kommune, orienterte om arbeidet og inviterte til å koma med innspel.

Solberg rienterte om arbeidet med planen. (Foto: Privat)

– Det var godt oppmøte med rundt 25 representantar, både veteranar, familiemedlemmar og eit par politikarar. Det var kjekt at det også var veteranar i ulik alder, med ulik erfaring, seier Braathen.

Måndag 8. mai var det treff i Kløvertun etter markering i minneparken, ei markering der Braathen heldt ord for dagen.

– I forsøk på å få ei sjølvgåande, lokal avdeling i Bjørnafjorden, køyrer vi treff på Peppes igjen førstkomande fredag.

Då skal veteran Terje Hatvik, som truleg er ein av dei i Norge med flest kontingentar utanlands, ha eit innslag.

I går var Braathen og to ukrainske, skadde soldatar å sjå på TV 2 si nyhendesending klokka 21 (15.40 ut i sendinga, om du har abonnement på TV 2 Play) i samband med eit av dei faste treffa i Bergen.

– Dei to ukrainske er også inviterte til Os fredag.

– Eg er også spent på kor mange politikarar som dukkar opp. Det var eit par parti representert på førre møte. No skal dei snart vedta ein plan, og dette er staden å henta innspel og innsikt, seier Braathen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.