Bjørnafjorden kommune | 03. feb. 2023

Vil laga eit veteranmiljø i Bjørnafjorden

– Det er over 200 veteranar i bygda. Dei hadde hatt godt av å møtast med jamne mellomrom, seier Bjørn Arne Braathen.

Vil laga eit veteranmiljø i Bjørnafjorden
Bjørn Arne Braathen frå Os er leiar i NVIO Bergen. Klokka 1800, uansett vêr, tar han imot veteranar og andre interesserte på Peppes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2023 11:57

Bjørnafjorden kommune skal utarbeida ein veteranplan, og ønskjer innspel til tiltaka i planen frå veteranar og deira familiar.

Ein av partane dei kan få innspel frå er Norges Veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO).

Bjørn Arne Braathen frå Os er leiar i NVIO Bergen og omland, og arrangerer veterantreff på Peppes Pizza i kveld (frå kl 18).

– Først må eg seia at eg er glad for at Bjørnafjorden kommune vil laga ein veteranplan. Det er noko alle kommunar skal ha, men sist eg sjekka var det berre 7-8 kommunar som er i gang.

Braathen ringte tidlegare ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap) og kommunestyremedlem Roger Hoel (H), som tok det å laga plan opp i kommunestyret.

Sør-Sudan, et av stedene norske soldater har tjenestegjort. (Foto: Roger Hoel)
Les ògVeteranplan i Bjørnafjorden kommune

– Eg er også takksam for dialogen med Eva-Mari Solberg, som skal laga planen. Ho virkar som ei veldig dyktig dame! seier Braathen.

Treffet i kveld er ope for alle.

– Du treng ikkje vera medlem av noko foreining for å møta opp, verken på Peppes i kveld eller på møta våre i Bergen.

– Turen mellom Os og Bergen er kort, og alle frå Bjørnafjorden er velkomne i Bergen. Men det hadde vore fint om det også danna seg eit miljø av ei gruppe veteranar her i bygda som møttest ofte.

– Arild Birkeland var flink å heidra veteranane då han hadde kafé på AMFI Os. Kanskje kunne vi fått til ein stad og ein frekvens som gjorde at fleire møttest oftare.

– Arild er ein veteran med STOR v; Frå venstre: Paul Walderhaug, Arild Lihaug, Arild Birkeland og Per Einar Jansen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Les òg– Arild er ein veteran med stor V

Sosiale, aktive og lærerike

Braathen var fenrik på Madla før han i 1991 reiste i FN-teneste i Libanon. Seinare har han vore kaptein i Heimevernet og områdesjef for Fusa, Samnanger, Kvam og Tysnes, og er framleis i Heimevernet.

Han oppsøkte veteranmiljøet i Bergen først for nokre år sidan.

– Ungane var blitt store og var ute av huset, og eg fekk tid til andre ting, seier Braathen.

Ariel Braathen, her i Osbadet i 2015, tar pause frå toppidretten på ubestemt tid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògAriel Braathen tar pause frå svømming

Han er no leiar for NVIO Bergen og omland.

– I Bergen er det gjerne 30 til 50 på treffa våre på Veteranenes hus på Kronstad Hovedgård, og når vi har aktivitetar andre stadar.

NVIO har både sosiale, lærerike og aktive treff.

– Vi har hatt foredrag om jus og arv, vi går fjellturar, køyrer gokart og arrangerer grillfest der også ektefelle, barn og barnebarn kan delta.

Nyttig nettverk for ung og gamal

Han har halde på den nordnorske dialekta, trass barndomsår i Bergen, ungdomsskule i Eikelandsfjorden og vaksenliv på Os.

– Når du høyrer om veteranar tenkjer du gjerne på eldre folk, eller på yngre med vanskar etter sterke inntrykk eller skadar.

– Det finst desse, og det finst mange andre. Mi oppleving er at det er godt å møtast uansett, å ha eit nettverk, å treffa nokon å dela erfaringar med eller å gjera heilt andre ting med.

NVIO-sjefen har passert 50 år.

Han forstår at yngre veteranar i 30-40-årsalderen kan vera travle med andre ting, karriere og familie, men håper å sjå også desse yngre i kveld eller på seinare treff.

– Du kan vera der for deg sjølv og du kan vera der for andre, seier Braathen.

Han har blant anna fått med seg varabrannsjef og veteran Erik Walden.

Leiar for NORSAR, Ove Syslak i midten i blått. Nestkommanderande Erik Walden til venstre. (Privat foto/Erik Walden)
Les òg– Ei meiningsfull og god oppleving

– Alle kan koma i ein situasjon der dei kan trenga støtte. Ifølgje «Plakaten på veggen» har vi alle ei plikt å forvara Norge, men også å hjelpa andre om vi kan.

– Det er over 200 veteranar i Bjørnafjorden. Eg håper å treffa mange av dei, avsluttar Braathen.

«Plakaten på veggen» eller «Direktiver for militære befalingsmenn og militære sjefer ved væpnet angrep på Norge» blei fastsett ved kongelig resolusjon 10. juni 1949.

Direktivet skildrar plikten alle befalingsmenn har til å starta forsvarskampen med alle tilgjengelege midlar - utan å venta på ordre - om Norge blir angripe militært.

Les meir om «Plakaten på veggen» på Forsvaret.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.