Lysekloster il | 17. juli 2021

Også Lysekloster fekk motstand av Sandviken

– Dei fekk god defensiv trening, seier Kollen etter dagens treningskamp.

Også Lysekloster fekk motstand av Sandviken
Dahl, her mot Lyngbø, utlikna i dag mot Sandviken på frispark. Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. juli 2021 15:48

Lysekloster spelte i dag treningskamp på bortebane mot Sandviken.

Sandviken, som i 2019 vann avdelinga si og rykte opp til Norsk Tipping-ligaen, tok onsdag imot Os. Dei leia 3-0 til pause og vann 3-2.

Også i dag tok Sandviken leiinga.

– Vi hadde spelet, initiativet og sjansane, men lykkast ikkje med alt i dag, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

– Baklengsmålet kom etter ein glipp i forsvaret vårt, og vertene skapte ikkje noko vesentleg utover dette.

Lysekloster utlikna til 1-1 på frispark av Christian Dahl i 2. omgang.

Det blei også sluttresultatet.

– Vi hadde ein del sjansar utanom, blant anna eit skot som av Tim Nilsen som gjekk i tverrliggar og landa på målstreken.

– Eit par justeringar no, så blir dette bra.

Dette var siste treningskamp før NM mot Åsane søndag om ei veke. Kampen startar klokka 16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.