Industri | 15. nov. 2021

Oljeutstyrsfirma frå Os vann miljøpris i Øygarden

Erstattar miljøskadelege dekk med eigenproduserte fenderar.

Oljeutstyrsfirma frå Os vann miljøpris i Øygarden
Dei raude, loddrette fenderane i Os gjestehamn er testprodukt frå 2Stabilise. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. nov. 2021 09:32

Vest Næringsråd delte fredag ut midlar frå Stormfondet under Øygardkonferansen.

2Stabilise AS frå Os var blant mottakarane. Dei fekk 100.000 kroner i støtte til eit bi-prosjekt som dei vil vidareutvikla.

«Unikt, fremtidsrettet, utviklet lokalt og vil gi stor miljøgevinst for en enormt stor næring som står overfor store miljøutfordringer« skriv juryen.

Tildelinga skjedde i samarbeid med Bjørnafjorden Næringsråd. Midlane kjem frå Sparebanken Vest, som og er representert i juryen.

2Stabilise har hovudkontor i Os Næringspark, men har også kontor på Ågotnes og i Aberdeen.

Metoden: Bruker spesialavfall til å spara miljøet

2Stabilise produserer spesialstøypte polyuretan-fôringer til vertikale rør på oljeplattformer. Fôringane er to-komponent og blir støypt på staden.

– Vi kan naturlegvis ikkje risikera å stå i Nordsjøen med for lite kjemikalie, og det som ikkje blir brukt, som har vore med på transport og temperaturforandringar, er ikkje aktuelt å ta med på nye oppdrag. Vi må kunna stå inne for kvaliteten, seier gründer Kjell Bjørnar Størksen.

Det betyr at kvart oppdrag resulterte i ei viss mengde spesialavfall.

Kjell Bjørnar Størksen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjell Bjørnar Størksen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ikkje berre er det kostbart å kasta, eg syntest det å bevisst produsera farleg avfall gav ein dårleg smak i munnen.

– Vi byrja å sjå etter alternativ bruk for dette, som i utgangspunktet er verdifullt materiale, då vi kom på at vi kunne støypa skreddarsydde fenderar som kunne erstatta det dei fleste store kaiar har som fender; gamle dekk.

Løyser ei stor utfordring

Eit dekk smuldrar gradvis opp. Mikropartiklane hamnar i sjøen. Nokre gongar ramlar heile dekket frå festet sitt og blir liggande på botnen.

– Denne problematikken finst ikkje med polyuretan.

– Eg synest i grunnen det er underleg at ingen har stilt spørsmål ved denne praksisen, verken på næringskaiar eller ferjekaiar. Granulat på fotballbanar har folk blitt bevisste på, men gamle dekk i vasskorpa har fått henga i fred.

Solid og diskrét: Bunnpris Vedholmen fekk demo-fenderar gratis då dei rusta opp kaiskjørtet sitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Solid og diskrét: Bunnpris Vedholmen fekk demo-fenderar gratis då dei rusta opp kaiskjørtet sitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kommunen og Innovasjon Norge med på laget

100.000 frå Stormfondet er ikkje den første støtta 2Stabilise får.

– Tidlegare i år fekk vi ein avtale med Bjørnafjorden kommune. Vi har allereie montert nokre fenderar på delar av gjestebryggene. I løpet av første halvår 2022 skal våre fenderar erstatta dekka som heng på næringskaien.

Innovasjon Norge støttar prosjektet med 1,5 millionar kroner. Bjørnafjorden kommune forpliktar seg til å stilla med 800.000 i utstyr og personell frå teknisk eining.

Bunnpris Vedholmen har også fått fender med LED-lys langs flytebrygga. (Foto: KVB)
Bunnpris Vedholmen har også fått fender med LED-lys langs flytebrygga. (Foto: KVB)

– Vi har allereie brukt mykje ressursar på produktutvikling og testing, og har spesielt to ting vi vil jobba vidare med før produktet er klar for den opne marknaden;

Det eine er å finda blandinga som gir optimal demping samtidig som den held på styrken, det andre er å laga ei monteringsordning som er enklast mogleg.

– Målet er at det ikkje skal vera fare for at fenderen blir laus, og at du skal sleppa å stå på lekter for å montera. Fenderane kan tilpassast kva kai som helst, men vi ønskjer at du skal kunna stå på kaien og montera dei.

Fenderane kan også kombinerast med lys. På den eine flytebrygga til Bunnpris Vedholmen er det lagt inn ein serie med LED-lys. Desse er vinkla 45 gradar ned, så dei ikkje skal blenda båtførarar, men likevel markera tydeleg kvar brygga er.

I løpet av 2022 skal også fenderane få ei prisliste.

– Er dette eksklusiv vare, at det er fare for at dei ikkje vil kunna konkurrera ut bruken av gamle dekk?

– Vi opplever at mange har eit bevisst forhold til dette med å halda havet reint. Om vi kjem med eit enkelt og reint alternativ trur eg det vil vera marknad for det. Men det kan også henda at vi får eit supplerande støtteordning frå Staten, tilsvarande slik det har vore med utskifting frå forureinande omnar til varmepumpe.

I tillegg til 100.000 kroner fekk 2Stabilise også ein videoproduksjon verdt rundt 50.000 kroner for å presentera prosjektet.

Her er videoen:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.