Lokal | 24. juli 2019

– Om folk byrjar å gå laus på brua, så har vi eit problem

Knutabruo: Reagerer på at folk tar med seg verktøy for å gjera hærverk.

– Om folk byrjar å gå laus på brua, så har vi eit problem
Ein av fire plassar der det manglar strekkfisk på gjerdet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juli 2019 08:05

Bildeserie:

Knutabruo heng 12-14 meter over Oselvo.
Knutabruo heng 12-14 meter over Oselvo.
No manglar det fire slike strekkfiskar på gjerdet.
No manglar det fire slike strekkfiskar på gjerdet.
1 av 2
Knutabruo heng 12-14 meter over Oselvo.
No manglar det fire slike strekkfiskar på gjerdet.

Søndag kveld fekk Midtsiden tips frå ein turgåar som oppdaga at det mangla nokre delar på Knutabruo.

– Eg veit ikkje om det er hærverk eller tjuveri, men fire strekkfiskar er fjerna frå vestsida av brua, fortel vedkomande.

Ein av «brukameratane», som var initiativtakarar og i 2015 fekk realisert hengebrua over Oselvo, gjekk rett på synfaring etter at vi tok kontakt.

– Småting må vi dessverre rekna med, som at ikkje alle ryddar etter seg eller tar med bosset heim, eller at dei let ungane trø rundt med skitne sko på nybeisa benkar, seier Peder Fløysand.

– Men om folk tar med seg verktøy i skogen, og byrjar å gå laus på sjølve brua, då har vi eit problem.

Varslar kommunen

Brua blei overlevert til Os kommune, som no blir varsla om hærverket.

– Strekkfiskane skal halda gjerdet stramt. Dei er i rustfritt stål, så dei er jo verdt nokre kroner. Men eg trur ikkje dette er tjuveri, eg trur det er rein jævelskap, seier Peder Fløysand.

Brukameratane driv framleis med litt vedlikehald i området, der dei òg har bygd to gapahukar.

– Vi gler oss først og fremst over at mange set pris på brua og har glede av området. Så får vi takka dei som varslar og håpa at mengda hærverk held seg på eit minimum, og ikkje på ting som handlar om turgåarane sin tryggleik.

• Bildeserie: Moteshow på Knutabruo (2018)

Om Knutabruo

• Bru over Oselvo, frå Osmarka ved hesteløypa på vestsida til den nye gangvegen mellom Nordmarka og Tøsdal på austsida av elva

• Total lengde på rundt 50 meter, fritt spenn på 41,5 meter

• Heng 12-14 meter over Oselvo

• Breidde: 90 centimeter

• Design ved Jan Haaland, prosjektert av Node i samarbeid med HMR Voss, som også står for produksjon og montering

• Initiativ frå Brukameratane, som består av Knut Jarle Aspenes, Øyvind Tøsdal, Harald Døsen, Lars Skorpen, Jan Haaland, Reidar Rundsveen og Peder Fløysand

• Prosjektet kunne gjennomførast takka vera velvilje frå grunneigarane Reidar Rundsveen, Tordis Lund og Opplysningsvesenets Fond

• I utgangspunktet var det budsjettert med 1,5 millionar kroner, men grunnforhold og auka lengde gjorde prisen noko høgare

• Brua er finansiert av spleiselag og sponsorar, der Knut Jarle Aspenes er største sponsor, og der det i kronerullingkampanjen kom inn rundt 300.000 kroner, inkludert 100.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.