Politi | 15. nov. 2021

– Lagde støy og ville inn

Mann fekk pålegg om å fjerna seg.

– Lagde støy og ville inn
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. nov. 2021 08:32

Klokka 02.11 natt til måndag fekk politiet melding frå ei privat adresse litt nord for Os sentrum.

– Ein person som oppheldt seg utanfor lagde støy og ville inn, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Det blei sendt ein patrulje til staden.

– Då patruljen kom fram var vedkomande, ein mann i 40-åra, roleg. Det framstår som at partane har ein relasjon frå før, og at det hadde vore ein samankomst på adressa tidlegare.

Mannen fekk pålegg om å forlata staden, og etterkom dette.

Politet fortel om ein elles roleg søndag i Os, med unntak av trafikkulykka i krysset mellom Byvegen og Indrettsvegen.

Dei skadde bilane blei taua inn på Kiwi sin parkeringsplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFørarkortbeslag etter kollisjon i kryss

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.