Meining | 21. sep. 2022

Oppmoding til prosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar

Eit spanande prosjekt med store ambisjonar og stort budsjett.

Nokre av potetene Os Bondelag dyrka i kassar i Os sentrum i 2017. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2022 07:08

I formannskapet 8. september presenterte landbruksjefen og prosjektleiaren forprosjektet: Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar.

Eit spanande prosjekt med store ambisjonar og stort budsjett.

under presentasjonen for formannskapet. (Foto: Kommune-TV)
Les ògØnsker å gjera Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar i 2025

For landbruket i og rundt Bjørnafjorden kan dette verte svært positivt for utviklinga og framtida. Det er bra at det vert sett fokus på auka sjølvforsyning.

Eg ynskjer meg eit større fokus på det tradisjonelle landbruket, vidareutvikling og satsing på rekruttering er avgjerande. I Bjørnafjorden kommune har talet på mjølkebruk gått ned. Dette skapar ringverknader i bygdene våre. Det er noko vi må setja stort fokus på.

Eg har fått tilbakemeldingar frå bønder, etter presentasjonen i formannskapet, at dei saknar informasjon om prosjektet. Det tykkjer eg er synd, her har ein ei unik moglegheit til å utvikle heile landbruket i Bjørnafjorden kommune.

Eg ber om at prosjektet tek kontakt med fag-laga innanfor landbruket i kommunen vår. Det er uttalt at det har vore kontakt med ressurspersonar, men ved å invitere til dialog med fag-laga aukar ein forankringa.

Vi vonar at fag-laga, til dømes Fusa Bondelag, kan få koma med innspel før søkaden går vidare. For å nå eit felles mål om auka sjølvforsyning må alle med.

Prosjektet har stort fokus på born og unge, det heiar vi på.

Å skape forståing for kvar maten kjem frå, og gje borna eit kunnskapsgrunnlag slik at fleire ynskjer å vere med i matproduksjonen er avgjerande for framtida.

Dina Lervåg
leiar Bjørnafjorden Sp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.